Historiske foto: AS Bjølvefossen og Hardanger Folkemuseum Utne
Tekniske spesifikasjonar
Elva Bjølvo hadde sitt utspring I Bjølsegrøvatn (kote 863,65) som igjen har vassføring frå Kolavatn og Storavatn. Elva rann ut i Hardangerfjorden i Ytre Ålvik. Nedslagsdistriktet er 54 km2 og har ein snitthøgde på nærare 1100 m.o.h. Nedbørsintensiteten er stor og gav etter utbygginga i 1938 eit årleg avløp på 131 mill. m3. Dette tilsvarar 4,15 m3/s. Mesteparten av nedslagsfeltet er snaufjell som nyttar lite nedbør, og har låg fordampingsprosent.
Etter fleire tilleggsutbyggingar, vart midlare tilsig utvida til 174,8 mill. m3 og eit totalt magasin på 91 mill. m3
Den første dammen ved Bjølsegrøvatn var ein gravitasjonsdam med reguleringshøgd på kote 867,5 og eit magasin på 22,5 mill. m3.
Under den andre utbygginga vart det bygd ein kvelvdam av armert betong i lengde på 98 m og største høgde 21,3 m. Reguleringshøgd vart på kote 879,65 og magasin 89 mill. m3. Reguleringa var basert på 2 meter senking og 16 meter oppdemming.
Frå sør-austre ende av Bjølsegrø fører ein 1500 meter lang tunnel fram til fordelingsbasseng på Toppen. Tunnelen er råsprengd og har eit tverrsnitt på 5 m2. Botn av tunnelen ved inntaket er på kote 857,40 og ved fordelingsbassenget på kote 852,40, dvs. eit fall på 1:300.
Over tunnelinntaket (synken) er bygd eit lukehus i betong der heisespill for avstengingsluke er montert. Luka er ei glideluke, med lysopning B x H 2350 x 2500. Topptettinga er utført i tre, truleg ei eikelist. Framføre tunnelmunningen er montert ei grovvaregrind.
Grovvaregrind. Foto: Harald Hognerud, Kraftmuseet
Fordelingsbassenget er sprengt som sjakt med 120m2 tverrsnitt og er delvis utfora med betong. I botn av bassenget er ei spyleluke for spyling gjennom eigen sidetunnel (stoll) ut i ein sidedal vest for fordelingsbasseng og ventilhus. Overløpet ligg på kote 879,65 og har avløp til same sidedal.
Lukehus på Topp. Foto: Harald Hognerud, Kraftmuseet
Over fordelingsbassenget er bygd eit lukehus på to plan. Framføre røyrleidning 2 er varegrind og avstengingsluke, framføre røyr 1 berre varegrind. Røyr 1 har i staden ein spjeldventil like etter gjennomføringa til ventilkammeret (ventilhuset). Luka har lysopning B x H 2200 x 6000
Røyr 2 kunne stengast med ein handdriven ventil like bak innstøypingsproppen, medan luke og korggrind framføre røyr 1 kunne manøvrerast både manuelt og elektrisk.
Gamle Bjølvo kraftverk hadde installert effekt på 54 MW etter den siste utvidinga i 1971, og snittproduksjon pr. år på 322 GWh, medan Nye Bjølvo kraftverk har installert effekt på 100 MW og leverer ca. 500 GWh pr. år.