Kraftmuseet

Velg språk

  • no_NO
  • en_GB
  • de_DE

Søk

Lindehuset

Kva var eigentleg Lindehuset? Kva funksjon hadde det på Odda smelteverk? Og kvifor namnet «Lindehuset»?

Lindehuset from NVIM on Vimeo.

 

 

Linde-metoden

Lindehuset er ein fabrikk som laga nitrogen. Eit av dei viktigaste produkta til smelteverket den fyrste tida var kalsium-cyanamid som blei nytta som gjødsel. Dette blei kalla «Trollmjøl» og «Odda-perler». For å produsera kalsiumcyanamid trong ein ei mengd nitrogen. Lindehuset var ein nitrogenfabrikk, kalla opp etter oppfinnaren, tyske Carl von Linde (1842 - 1934).

Det er kring 80 prosent nitrogen og 20 prosent oksygen i luft. Kort sagt går prosessen ut på å komprimere lufta for deretter å late den ekspandere. Det gjev ei avkjøling. Du kan samanlikne det med ein kjøleskåpmotor. Prosessen vert repetert og ein kan oppnå svært låge temperaturar. Ved minus 192°C vert lufta flytande. Deretter destillerte dei den flytande lufta og fjerna oksygenet. Då sat dei att med nitrogen. Lufta tok dei inn ved Bakka, og den gjekk i ein kulvert gjennom Odda og opp i Lindehuset.

 

Du kan lese meir om nitrogenanlegget Lindehuset om du klikker på biletet : 

 

Lindeanlegget Odda Smelteverk Lindeanlegget. Foto: Kraftmuseet arkiv

 

 

 

Etter at produksjonen på Odda Smelteverk stoppa, er Lindehuset blitt bruka av kommunen som kulturbygg. Teaterstykket Bikubesong, musikkspelet ”Arven”, det årlege Litteratursymposiet og konsertar av mange slag er framført her. Huset symboliserer ein ny bruk av industri og kultur i profileringa av eit Odda i omstilling. Bygget er i dag freda og er leigd ut til Kraftmuseet.

 

Andre Søfteland synger i Lindehuset Andre Søfteland på ein av dei mange konsertane i Lindehuset. Foto: Anne Gravdal, Kraftmuseet

 

LINDEHUSET etter nedlegginga

Sjølve bygningen Lindehuset sto til forfall etter at smelteverket gjekk konkurs i 2002. Gjennom eit samarbeidsprosjekt mellom Kraftmuseet (NVIM), Riksantikvaren og Odda kommune, kalt “Kulturminner og verdiskaping”, blei store delar av utvendig fasade restaurert. Arkitekturen representerer ein internasjonal industriarkitektur frå århundreskiftet, då funksjonalismen var på veg inn, men klassisistiske trekk framleis var tydelege.

Frå 2019 har Kraftmuseet inngått ein leigeavtale med Odda kommune, og forvalter i dag bygget.

 

Lindehuset med eføy Lindehuset før restaureringa.

 

Lindehuset fasade 2015 Lindehuset etter restaurering.


 

Informasjonsskilt Smelteverkstomta

 

Venn tipset!

Din venn har blitt sendt en e-post om denne artikkelen.

Kraftmuseet

Norsk vasskraft- og industristadmuseum


Naustbakken 7, 5770 Tyssedal
Telefon: 53 65 00 50
post@kraftmuseet.no