Kraftmuseet

Velg språk

  • no_NO
  • en_GB
  • de_DE

Søk

Du er her:

Informasjonstavler på Smelteverkstomta

Bygningane som står att etter Odda Smelteverk AS har fått ny bruk, nokre er framleis tomme. Dei var alle naudsynte for at fabrikken skulle fungera. 

Odda si industrihistorie er ein del av det norske industrieventyret som starta ved århundreskiftet frå 18-1900-talet.

Vasskrafta frå fossane gjorde at industripionerane la storindustrien til stader som Odda - inst i ein fjord, men med ei isfri havn og store fossar som gav garanti for krafttilførsel.

Etter at Odda Smelteverk AS vart lagt ned i 2003, vart det store området litt etter litt opna opp for publikum. For fyrste gong på nesten hundre år var det mogeleg óg for dei som ikkje arbeidde på verket å bevega seg innanfor portane.

No har oddingane teke Smelteverksområdet tilbake, fleire bedrifter har etablert seg i bygningane som står att, og området er ein stor og viktig del av den nye byutviklinga. 

Kraftmuseet har i eit samarbeid med Hordaland fylkeskommune, Odda kommune, SNU og Odda Trykkeri, laga tolv informasjonstavler med foto, tekst og QR-kode. Tavlene gjev eit innblikk i kva funksjon desse bygningane hadde, deira plass i heilskapen til Smelteverket. Klikkar du på QR-koden (du må først laste ned ein app), kan du sjå filmmateriale frå arbeidet som gjekk føre seg i bygningane.

 

På omvising under skalltaket Omvising under skalltaket i samband med det årlege Litteratursymposiet i Odda. Foto: Harald Hognerud Kraftmuseet

 

 

Klikker du på biletet under kan du sjå ein brosjyre med kart som viser kvar ein finn tavlene. Denne kan du få på museet, på KraftLaben, tenestetorget eller på turistinformasjonen i Odda.

 

Foldar om infotavler på smelteverkstomta

 

Du kan tinga omvisingar på Smelteverkstomta for små eller store grupper. 

 

Omvising på Smelteverkstomta under Litteratursymposiet

Frå ei omvising i samband med det årlege Litteratursymposiet i Odda. Foto: Harald Hognerud Kraftmuseet

 

Informasjonstavle cyanamidesilo

Råcyanamidesiloen på Odda Smelteverk. Foto: Anne Gravdal Kraftmuseet

 

 

 

Venn tipset!

Din venn har blitt sendt en e-post om denne artikkelen.

Kraftmuseet

Norsk vasskraft- og industristadmuseum


Naustbakken 7, 5770 Tyssedal
Telefon: 53 65 00 50
post@kraftmuseet.no