Åsne Dolve Meyer (43) er utdanna arkeolog, og har brei erfaring innan arbeid med forvalting av kulturminne. Dolve Meyer er fødd i Odda, men har for det meste budd andre stader, og frå 2013-17 i Ny-Ålesund på Svalbard der ho var rådgjevar for Kings Bay AS og del av leiargruppa der.
Signe Bondhus-Jensen (36) frå Mauranger har bakgrunn som realfaglærar, og har dei siste åra jobba som prosjektleiar for Ungt Entreprenørskap Hardanger. I tillegg til lærarutdanning har ho også utdanning innan økonomi og administrasjon.
Med desse tilsettingane får museet ei kraftig styrking av formidlingsarbeidet og andre museumsfaglege funksjonar. Både Dolve Meyer og Bondhus-Jensen er i gang på museet før sommaren.