Kraftmuseet og kraftstasjonen Tysso 1 var arena for ein kongeleg middag denne junikvelden. Kongen og dronninga hadde vitja Odda før på dagen, då dei gjekk i land i eit festpynta Odda til jublande menneskemasser.
Dei hadde kome seglande inn fjorden med kongeskipet Norge som ankra opp i Oddapollen før ein sjalupp tok kongeparet til landgangen. Ordførar Roald Aga Haug overtok vertskapsrolla og viste byen fram til dei kongelege før det offisielle besøket vart avslutta med ei flott forestilling i Almerkeparken. Seinare reiste kongeparet til Tyssedal for å nyta ein flott middag laga av lokale råvarer ved Tyssedal Hotel.
Det var ein historisk dag for Odda, og det var ein historisk dag for Kraftmuseet.
Kongeskipet Norge på veg inn Sørfjorden tysdag 18. juni 2019. Foto: Anne Gravdal Kraftmuseet
Kongeskipet har ankra opp i Oddapollen. Foto: Harald Hognerud, Kraftmuseet
Sjaluppen med dei kongelege på veg mot landgangen. Foto: Harald Hognerud, Kraftmuseet
Kongen og dronninga går i land. Foto: Harald Hognerud, Kraftmuseet
Dei kongelege helsar på ordførar i Odda, Roald Aga Haug. Foto: Harald Hognerud, Kraftmuseet
Kongen og dronninga får blomar når dei kjem. Foto: Harald Hognerud, Kraftmuseet
Kongen og dronninga på veg ned gågata i lag med ordførar. Foto: Harald Hognerud, Kraftmuseet
Kong Harald og dronning Sonja helsar på folket. Foto: Harald Hognerud, Kraftmuseet
Feststemning under teltet i Almerkeparken. Foto: Harald Hognerud, Kraftmuseet
Medan museumsdirektør Knut Markhus vart intervjua av NRK....... Foto: Harald Hognerud Kraftmuseet
...kom dei kongelege køyrande i limousinar langsmed kaia. Foto: Harald Hognerud, Kraftmuseet
Media var på plass då kongeparet steig ut or bilen. Foto: Harald Hognerud, Kraftmuseet
Inne i kraftstasjonen venta dei inviterte middagsgjestene på at kongeparet skulle koma. Foto: Harald Hognerud Kraftmuseet
Kongeparet med fylgje vert motteke av Kraftmuseet sine tilsette. Foto: Harald Hognerud Kraftmuseet
Hans Majestet kong Harald V viste stor interesse for Odda si industrihistorie, her fortald av ordførar Roald Aga Haug. Foto: Harald Hognerud Kraftmuseet
Hennar Majestet dronning Sonja sat saman med fylkesmann Lars Sponheim. Foto:Harald Hognerud Kraftmuseet
Dronninga var imponert over kva museumsdirektør Knut Markhus kunne fortelja om Odda si industrihistorie. Foto: Harald Hognerud Kraftmuseet
Den kongelege limousinen framfor kraftkatedralen Tysso 1. Foto: Harald Hognerud Kraftmuseet