Kraftmuseet

Velg språk

  • no_NO
  • en_GB
  • de_DE

Søk

Du er her:
  • Historisk kraftvandring i Ålvikfjellet

Historisk kraftvandring i Ålvikfjellet

Søndag 30. august inviterer Hardanger Historielag og Kraftmuseet i Tyssedal til ein unik tur i Ålvikfjellet. Tema er kraftutbygging i høgfjellet.

Her finn vi historie gjennom meir enn hundre år med kraftutbygging rundt Bjølsegrø-magasinet (863 m.o.h). Vatn herifrå har gitt kraft til industriproduksjonen i Ålvik i meir enn hundre år.

Fossekampaniet A/S Bjølvefossen vart stifta alt i 1905, og i 1916 vart den første kraftstasjonen i Ytre Ålvik sett i drift. Anlegget er sidan bygt ut i etappar for å sikre nok vasskraft til Bjølvo kraftverk.

Mange spor etter tidlegare anlegg er no rydda vekk i fjellet. Før ryddinga dokumenterte Kraftmuseet (tidlegare Norsk Vasskraft- og Industristadmuseum) i Tyssedal historia på oppdrag frå Statkraft. Prosjektleiar for dokumentasjonsarbeidet, Terje Kollbotn, er turleiar søndag 30.august. Han vil ha med seg Sigbjørn Ålvik, Ole Johnny Hauger og andre som vart intervjua i 2014.

 

Turen startar med frammøte ved butikken i Ålvik kl. 10.00 (tilpassa ferje frå Utne 9.30). Vi organiserer felles biltransport langs bomvegen frå Vikedal til Hedlerdalen, ca. 600 m.o.h. Derifrå blir det fottur til Bjølsegrø-dammen, Synken og til Toppen av den tidlegare trallebanen og røyrgata der vi får ein  fantastisk utsikt før retur langs anleggsvegen til Hedlerdalen. Avslutting i Ålvik sentrum seinast kl. 17.30. Vi reknar rundt 5 timars gange pluss tid til formidling av ei unik dam- og taubanehistorie, brakkeliv og vedlikehaldsarbeid.

Det er bindande påmelding inna 27. august kl 19 på SMS til 901 399 84. Pris kr 100, betalast etter bekrefta påmelding.   

Ta med niste og ekstra klede og få med deg ein viktig del av Hardanger si anleggs- og krafthistorie, kombinert med ein flott fjelltur.

Ålvikfjellet byr på mykje krafthistorie og flott utsikt.  Foto: Dag Endre Opedal, Kraftmuseet

 

Venn tipset!

Din venn har blitt sendt en e-post om denne artikkelen.

Kraftmuseet

Norsk vasskraft- og industristadmuseum


Naustbakken 7, 5770 Tyssedal
Telefon: 53 65 00 50
post@kraftmuseet.no