Kraftmuseet

Velg språk

  • no_NO
  • en_GB
  • de_DE

Søk

Du er her:
  • Forskartorg 2022

Forskartorg 2022

Første laurdag i oktober går årets Forskartorg av stabelen. Forskartorget er ein del av Forskingsdagane, som er ein landsdekkande festival i regi av Norges Forskningsråd. Kom og sjå kva som rører seg av forsking og utvikling i regionen vår! 

På Sentralbadet vil lokale verksemder visa fram sine prosjekt på stands. Tema for forskingsdagane i år er HAV, og fleire av bodane har dette som fokus. 

 

Stand på Forskartorget 2021. Foto: Signe Bondhus-Jensen, Kraftmuseet

 

Kl. 12.30 held forfattar Simon Sætre foredrag om «Den nye fisken» - historia om korleis me temte laksen og om konsekvensane det fekk. 

Kraftlaben er open med gratis inngang. 

Det vert torgdag med sal av lokale varer frå bodar. 

Velkommen til ein morosam og lærerik familiedag! 

Heile arrangementet har gratis inngang. 

 

KraftLaben har gratis inngang. Foto: Signe Bondhus-Jensen, Kraftmuseet

 

 

Informasjon om dei ulike deltakarane kjem her fortløpande: 

 

Simen Sætre - Den nye fisken (foredrag)  

Då vi temte villaksen og sette den nye fisken ut i naturen, starta store ting å skje. Stader langs kysten fekk nytt liv, folk fekk arbeid og fleire blei milliardærar. Staten såg på det som eit eventyr, og velsigna framhaldet. Forfattarane Simen Sætre og Kjetil Østli skapte høge bølger med ein artikkelserie i Morgenbladet og Harvest om laksenæringa, og tek tema vidare i boka Den nye fisken. Dei spør mellom anna: Kva skjer dersom ein plasserer eit nytt dyr i fjorden? Korleis verkar det inn på dei andre fiskane og artane, fjordane og elvene? Kva skjer med forskarar som roper varsku, med dyrevelferd, føre var-prinsipp og skattepolitikk når myndighetene ønsker vekst? Forfatterne skriv om dei utilsikta konsekvensane av den fantastiske oppfinninga, laksen. Dei skriv oppdrettslaksen si historie. Arrangementet er støtta av Norsk Kulturråd og Fritt ord.  

 

Deltakarar på Forskingstorget: 

  • Boliden: Miljøarbeid i Sørfjorden 

  • Mowi 

  • Tizir 

  • Folgefonnsenteret: Om livet i fjorden 

  • Rein Hardangerfjord

 

Deltakarar på torgdag:  

  • LiBe: Korger, klede, handklede 

  • Ferskvaren Restaurant og kolonial: Matservering 

  • Plukk & Pø: Snurrepiperier og lopper 

  • Ei korg for kvar anledning: Gåvekorger 

  • Ingebjørg Grøtt: Mjølkekaker, lefser og flatbrød 

  • Cathringe Isberg Systad: Tupperware 

  • ELWS - Søte drømmer: Diverse søtsaker 

  • Internasjonalt kor: Lappar/vafler og loddsal 

 

Forskartorget arrangørar

 

Venn tipset!

Din venn har blitt sendt en e-post om denne artikkelen.

Kraftmuseet

Norsk vasskraft- og industristadmuseum


Naustbakken 7, 5770 Tyssedal
Telefon: 53 65 00 50
post@kraftmuseet.no