Styreleiar Toralv Mikkelsen, direktør Jan-Anders Dam-Nielsen, fagkonsulent Brita Jordal. Frå DnB: Ole Pedersen og Mareno Vevang
Sparebankstiftelsen DNB har løyvd 300 000 kr til produksjonen av den nye NVIM-dokumentaren Industripionérane. Fredag 16. januar var det høgtideleg overrekking. Mareno Vevang og Ole Pedersen frå DNB representerte Sparebankstiftelsen DNB ved overrekkinga. Vevang la vekt på juryen sin uttale om at NVIM fekk støtte fordi vi formidlar viktig nasjonal historie og at vi ”slapp gjennom måløyet” fordi det var gjort eit svært godt forarbeid til søknaden. Manusforfattar og regissør Randi Storaas fekk ros for prosjektskissa som er klar.
Den nye filmen løfter fram dei unge ingeniørane og gründarane, som Albert Petersson, Sam Eyde og fleire rundt dei. Storaas har også laga programmet Industrieventyret som NVIM har vist i 20 år.
Direktør Jan-Anders Dam-Nielsen, styreleiar Toralv Mikkelsen og prosjektleiar Brita Jordal tok i mot gåva på vegne av NVIM.
NVIM har tidlegare fått støtte frå Sparebankstiftelsen DNB til kjøp av båten MY Tysso og til vitenparken i Odda sentrum. Alle prosjekt er vurdert til å ha nasjonal verdi.
Mange har bidratt til filmprosjektet:
Prosjektet ei totalramme på 1,3 mill. Så langt har NVIM fått inn kr 876 000,-. Dei som har gitt prosjektstøtte er Stiftelsen Fritt Ord, NVE, Sparebankstiftinga Hardanger, Kulturfondet i Odda kommune, Hardangerrådet og Hardanger Folkeminnelag.
Søknadsarbeidet held fram i 2015. Målet er å få programmet ferdig til sesongen 2016.
Er du interessert i å søkja midler kan du ta ein kikk på desse nettsidene.