Vi startar den 6. november med eit kåseri med foto og hendingar omkring Odda sjukehus. Du får høyre om kva som var orsaka til at Odda fekk eit eige sjukehus, som no er eitt av dei minste sjukehusa i landet. Du får høyre om ulukker, morosame hendingar, den legendariske dr. Haavik. utbygginga av sjukehuset og kampen for å behalde det.
Sjukesøster Mandt med den nyfødde guten Ottar på Odda sjukehus. Foto: I.O.Johannessen - Kraftmuseet arkiv
Arrangementa finn stad i "Buen" møtelokale i museumshagen i Folgefonngata kl. 12. Det kostar kr. 50, og det vil verta sal av kaffi med noko attåt ved Kraftmuseets Venner.
"Buen" møtelokale. Foto: Harald Hognerud Kraftmuseet
Dei neste månadane vil det koma ei liste over kva tema som kjem kvar fyrste onsdag, så det vert råd å planleggja eit besøk.