Ein gong i året er det konsertar i kraftstasjonen i regi av Hardanger Musikkfest, kvar første onsdag i månaden har vi tilbodet "Drypp frå arkivet" i museet sitt lokale "Buen" i Odda.
Fordelt ut over året arrangerer museet forskjellege konsertar i kraftstasjonen eller i tunellane på Lilletopp. Kraftstasjonen er også staden for seminarer, symposier, bankettar, konferansar og meir. Sjølvaste kongeparet nytta kraftstasjonen til ein privat middag sommaren 2019.
Museet er også stolt over å kunne by på både moteshow, Pride-event, filminnspillingar, undervisningsopplegg og meir.
I museet si avdeling i Odda er det Lindehuset som er arena for dei største hendingane, som musikalen Albert og Leonie våren 2019, Norgesmeisterskapen i Handbak, Litteratursymposiet og spillfestival.
Alle arrangement blir annonsert på facebook, plakatar og i lokal presse. Sjå ein del tidlegare og alle komande arrangement her: Facebook events