Kontrollrommet "Brettet". Foto: Harald Hognerud, Kraftmuseet
I bakkant av midtpartiet ligg "Brettet". Opphavleg var brettet ein balkong i maskinsalen. For å utvida kontrollpanelet og redusera støyproblem, vart brettet flytta inn bak ein glasvegg slik vi ser det i dag. Kontrollpanelet er både logisk og estetisk utforma. Instrumenta er montert på 45 mm tjukke marmorplater. Desse er vakre, praktiske og sikre i bruk fordi dei ikkje leiar straum. Instrumentdelane er i bakelitt. Her oppe arbeidde 3. maskinisten, eller "Brettvakta".
Kontrollrommet "Brettet" slik det såg ut før 1942. Foto: Kraftmuseet arkiv
Å vera brettvakt var eit høgt ansett yrke. Brettvakta på Brettet som var plassert på østveggen inne i stasjonen før 1942. Foto: Kraftmuseet arkiv
Tysso I kraftanlegg vart bygd mellom 1906 og 1918, og var eit av dei største høgtrykksanlegga i verda. Tysso I var livsnerva til industrisamfunna Odda og Tyssedal.
Kraftanlegget er godt bevart, og er eit av dei fremste tekniske og industrielle kulturminna Noreg har i dag. Kraftanlegget fortel historia om vasskraftutbygginga og om framveksten av det moderne Noreg.
Det er viktig for museet å ta vare på, og å skape liv i anlegget. Eit svært omfattande restaureringsarbeid starta hausten 1999, både av sjølve kraftstasjonen og på Lilletopp, anlegget på toppen av røyrgata og vart ferdigstilt i 2004.
Tyssedal kraftanlegg, Tysso I, vart freda av Riksantikvaren 15. mai 2000.