Kraftmuseet

Velg språk

  • no_NO
  • en_GB
  • de_DE

Søk

Du er her:
  • Velkomen til Kraftlandet!

Velkomen til Kraftlandet!

Ny nettstad for formidling av norsk vassdrags-og energihistorie.

Med eit nasjonalt ansvar for formidling av norsk vassdrags- og energihistorie står Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE), Kraftmuseet og Anno Norsk skogmuseum bak den nye nettstaden kraftlandet.no

 

Kraftlandet er eit land der menneska møter naturkreftene. Nokre av kreftene kan menneska temma, andre rår dei ikkje over. I ein serie tematiske episodar løftar me fram hendingar, personar og problemstillingar som belyser relasjonen mellom menneska og natur, i fortid og notid. Me skal under isen, opp elva og inn i kontrollrommet.

 

“Målet med den nye nettstaden er å gjera denne viktige delen av norsk historie relevant for eit breitt publikum”, fortel prosjektleiar Sidsel Hindal.

“Det er ein heilt sentral del av norsk historie som me presenterer her. Det er vanskeleg å førestilla seg korleis det norske samfunnet hadde sett ut om det ikkje hadde vore for det eventyret som norsk vasskraft representerer”, seier Hindal.

 

Nettstaden inneheld redaksjonelt stoff som spenner seg frå artiklar, foto og video til podkast.

 

“Me er så heldige at me er tre institusjonar som samarbeider om denne nettstaden. Det betyr at me utgår frå tre rikhalde samlingar. No gler me oss berre til å syna fram det me har arbeidd med”, held Hindal fram.

Du finn netstaden om du klikker på biletet her:

Venn tipset!

Din venn har blitt sendt en e-post om denne artikkelen.

Banner artiklar

Kraftmuseet

Norsk vasskraft- og industristadmuseum


Naustbakken 7, 5770 Tyssedal
Telefon: 53 65 00 50
post@kraftmuseet.no