Send e-post med adressa di til post@kraftmuseet.no så får du bok tilsendt saman med faktura. Og om du vil, kan forfattaren signera boka!
Henrik Wergeland kalla Hardanger UNDERDEILIG, og det prøver området å leva opp til. Denne boka er ei vandring gjennom 200 år med reiseliv i Hardanger. Frå Edward Price som oppsøkte dei innfødde i 1820-åra: Eg vart introdusert som engelskmann, og kvar og ein reiste seg frå stolen - til keisar Wilhelm som kom hit 23 gonger: Eg vert dregen av magiske trådar til dette folket. Oppturar, nedturar, skamros, kritikk. Det er motbydeleg å sjå slik som våre landsfolk smyg og kryp fyr dei reisande. Ei vandring i fruktblomstring, til fossane og fonna, og fram på kanten av Trolltunga.
Frå boklanseringa i Litteraturhuset 4. juni 2020. Forfattar Knut Markhus fortel om innhaldet. Foto: Dag Endre Opedal, Kraftmuseet
Eit blikk inn i boka, som du får kjøpt i bokhandelen eller på Kraftmuseet. Foto: Harald Hognerud, Kraftmuseet