Det heile startar då elektromagnetismen blir oppdaga på 1800-talet. Den danske fysikaren H.C. Ørsted oppdagar han i 1820, medan den skotske fysikaren og matematikaren James Clerk Maxwell set opp den matematiske formelen i 1865.
Dette gjer at den andre industrielle revolusjonen veks fram, med energiintensive metallurgiske og elektrokjemiske prosessar, noko som blir starten på Norge si utvikling til eit moderne samfunn.
Fosseoppkjøp og elektrifisering
Dei store fossane og vassdraga på vestlandet er i stand til å levera mykje og stabil energi. Dei har eit enormt potensiale til kraftutbygging, og fosseoppkjøparar ser moglegheiter til rask forteneste, med å selga fossar og vassdrag til gründarar, som igjen sel billeg energi til storindustrien. På byrjinga av1900-talet har Norge fått 600 elektriske anlegg.
Industrien dominerer lenge energikonsumet. Men sjølve vasskraftutbygginga går raskare enn industriutbygginga, slik at det oppstår eit overskot på straum nær dei utbygde vassdraga. Dette overskotet skal no gå til ljos i gater, heim og hus.
I 1920 har ingen andre land i verda kome så langt i å bruka elektrisitet i industriproduksjon, belysning, oppvarming og matlaging som Norge. To tredjedeler av den norske befolkninga har innlagt straum i 1920.
Odda og Tyssedal får lys i heimane allereie i 1913. Men sidan kraftverket berre leverer ein frekvens på 25Hz, er det også denne hushaldningane får. Dei langsame svingingane gjer at ein oppfattar det som om lyset blinkar. Folk seier at Tyssefaldene leverer straumen i "klumpavis«, eller at det lyser anna kvar gong.
Prisen på straum er låg, nokre har gratisabonnement, elles ligg prisen i Tyssedal på om lag 120-400 kr. året, alt etter størrelsen på bustaden.
Etter første verdskrig blir det oppretta ein elektrifiseringskomité som set opp ein landsplan for elektrifisering av Norge. Kvinneorganisasjonar fører an i arbeidet, og Norske kvinners nasjonalråd etablerer i 1919 ein komité for elektrifisering av heimen, der dei set i gang eit storstilt arbeid med elektriske utstillingar, foredrag og informasjonsbrosjyrar.
Gråt av glede
Men det er ikkje før på 1930-talet at ein kan snakke om eit landsomfattande forsyningsnett. Og det skal gå enno nokre tiår før straumen er likt fordelt over landet. Til dømes må Røldal vente heilt til 1956 før dei får straum i heimane.
Faksimilie frå Adresseavisen oktober 1951.
Elektrisiteten får sitt store gjennombrot i mellomkrigstida
Før 2. verdskrig blir det produsert meir straum enn kva som blir bruka, og folk som har straum i huset blir oppfordra til å bruka mest mogleg. Husmødrene blir den største målgruppa, og elektrisitetsverka reklamerer for at dei må bruka elektrisitet både til koking og oppvarming. Tekniske nyvinningar som elektrisk komfyr, varmeomn og vaskemaskin blir produkt ei husmor ikkje kan unnvera. Dei som ikkje har råd til innkjøp av desse, får etter eit forslag frå kvinneorganisasjonar moglegheit til å leige elektriske kokeplater, eller ta i bruk låne- og avbetalingsordningar.
Panelomnar og vippe
Det er elektrovarmen som er den raskast vaksande straumavtakaren. Prisen på kol til oppvarming er høg, og tilgangen vanskeleg, noko som banar veg for panelomnane og billeg straum. Eit straumabonnement har ein pris på 5 øre per kwh, og om lag 12 øre på overforbruk. Straumprisane er variable, frå dei høgste prisane på 30 øre per kwh til heilt nede i 1,5-2 øre for industrien.
Sjølv om ei landsomfattande elektrisitetsforsyning byrjer å utvikla seg på 1930-talet, har ikkje heimane uendeleg tilgong på straum. Husstandar abonnerer på straum til eit visst antal lampar, og med hjelp av ei "vippa" eller "vendar" kan ein velgja å bruka straumen til noko anna, som til dømes eit strykejern om ein slår av nokon av lampane.
Felles vaskekjellarar har ofte målarar med myntautomat. Brukarane betaler på automaten for straum til vaskemaskin og tørkerom.
«Vi fekk strøm i 1948. Då kan du tru det var ei heil omveltning. Plutselig var det berre å skru på ein brytar, og det blei lys! Vi hadde ei vippa. Viss du brukte meir enn det du abonnerte på, slo vippa inn og lyset blinka no fan’s vilt. Det var ikkje mykje du kunne ha på samtidig.»
Kvinne Lofoten
Det er faktisk ingen som er skeptiske til elektrisiteten, tenker at den kanskje kan vera noko unaturleg eller helsemessig skadeleg. Elektrisitet i heimen blir teke i mot med begeistring.
Kristi Nesheim med ny beredar for varmt vatn på kjøkenet sitt i 1938. Foto: Olav Holm, Kraftmuseet arkiv.
Etterkrigstida
Etter 2. verdskrig blir det produsert mindre straum, heimane blir nedprioriterte og industrien får førsteretten.
I 1947 reknar elektrifiseringsnemnda ut kva mengder kraft som må byggast ut for å tilfredsstilla behovet for straum ein kjem til å ha i 1970. Men allereie i 1954 ligg behovet heile 70% over desse berekningane. Kraftforbruket per innbyggar er på denne tida det høgaste i verda, dobbelt så høgt som dei neste landa på lista (Sverige og USA). Norge innehar no verdsrekorden i kraftutbygging.
Etter kvart blir elektrisk oppvarming med panelomnar så populært, og behovet for straum til oppvarming så stort at det ikkje er praktisk mogleg å tilfredsstilla. Etterspurnaden skapar kraftmangel over heile landet. På 1950-talet er straumkrisa eit faktum.
I enkelte aviser kan ein lese overskrifter som:
Unødvendig elektrisitetsbruk må betegnes som landsskadelig! Faksimilie frå Bergens Arbeiderblad 1951
Rasjonering
Krisa fører til at folk no blir oppfordra til å rasjonera elektrisiteten, noko ikkje alle meiner er rett. I ein intervjurunde i Bergens Arbeiderblad seier ei oppkava husmor frå Laksevåg då ho blir spurd om ho sparer straum:
«Om eg sparer? Nei det kan De tro at eg ikkje gjørr! Det e no vel vaksne folk som steller med ditte her, dei må no klare å holde på vatnet vel! Her regner det ned støtt, og aldri blir det nok. Og så seier dei sanneleg at dei er forbauset over kor mykje strøm vi bruker! Har ‘kje dei sjølv bitt oss om å koke elektrisk? Anbefaler dei oss ikkje å bruke elektriske ovner? Og no kommer de her og sitter oss i klabeit?»
BA 25. januar 1951
Nasjonale retningsliner som gjekk ut til alle aviser. Faksimile
I 1959 blir det innført straumrasjonering. Halden set opp eit forbod mot bruk av straum til romoppvarming, og eit begrensa straumforbruk på 100kWh per veke og husstand. Også i dei fleste andre kommunar, som Odda og Ullensvang blir det rasjonering på straum.
Koksfyring i ein heim i 1962. Foto: Jan Gravdal
Meir utbygging
Ein ser inga anna løysing på krisa enn meir utbygging.
I april 1956 vedtek regjeringa planen om utbygginga av Tokkevassdraget. Tokke-verka kjem til å auke norsk straumproduksjon med 10%, og blir det til då største vasskraftverket i landet.
Etter det har det vore fleire store og små utbyggingar, Røldal/Suldal, Kvilldal, Mauranger og Eidfjord for å nemne nokon. Norge er i dag Europas største og verdas sjuende største vasskraftprodusent, med totalt 1550 vasskraftverk i drift. Desse står for om lag 95% av straumproduksjonen og er fordelt på dei fleste av Norges om lag 4000 vassdrag. Kina er verdas største produsent av vasskraft.
Sjølve kraftoverføringa i Norge gjekk også gjennom ei stor utvikling. Det var tidleg snakk om eksport av straum til utlandet, men realitetsbehandlinga låg langt fram i tid. Les meir om dette i artikkelen om Blakstad og kraftoverføringa.
Når E-verket kobler ut de hvite kull, ja da er det mørkt, ugjenkallelig. Og selv om en er aldri så sterk i troen, hjelper det ikke å rope; bli lys! Det er bare å snu seg mot veggen og sove.
McAndrew - skribent i Akershus Amtstidende 23. september 1955
Kjelder:
Tyssefaldene, krafttak i 100 år, 1906-2006
Husmorhistoriar - Hilde Danielsen
Kraftoverføringens kulturminner - NVE
KINK - kulturminner i norsk kraftproduksjon - NVE
Elektrisitetslandet Norge - Johan Vogt
Tanker om lys - Arvid Lippestad.
Avisartiklar