Museum24 er eit publiseringssystem for musea sine eigne nettsider - laga for og av musea sjølve, men med ei felles plattform. Museum24 "snakkar" med KulturIT, som utviklar fleire løysingar som er nyttige for museer. Integrasjon og tilgong til innhaldet på nettsider som DigitaltMuseum, Kulturio, KulturPunkt, Minner er utvikla, og andre som MuseumsBillett og VirtueltMuseum vil kome til.
Fram til no finn ein om lag 200 museer på Museum24. Den universelle utforminga vil også bli betre med det nye systemet.
Arbeidet med nye heimesider vil føre til at det vil vera lite aktivitet på dei noverande sidene i tida fram mot lanseringa.
Vi gleder oss til å ynskje alle lesarar, besøkande og brukarar velkomen til nye, moderne, oversiktlege og spanande heimesider i 2023!