Kraftmuseet

Velg språk

  • no_NO
  • en_GB
  • de_DE

Søk

Du er her:
  • Museet sine foto på nett

Museet sine foto på nett

Vil du sjå historiske foto frå heimplassen din? Eller kanskje er du på jakt etter historiske gjenstandar eller personar? 

Då kan vi anbefala Kraftmuseet sitt digitale museum. Her kan du leite gjennom meir enn 17 000 foto av folk, stader og gjenstandar i Kraftmuseet si samling. Oppdagar du feil i tekstar, at biletet viser feil person, eller at du har fleire opplysningar, kan du skriva det inn i kommentarfeltet.

 

Slik kan eit søk på Kraftmuseet si side på digitaltmuseum sjå ut. (Klikk på biletet om du vil sjå sida).

 

Kva er digitaltmuseum?

KulturIT og digitaltmuseum

Dette skriv KulturIT:

Digitaltmuseum er ein felles database over samlingar i norske og svenske kunst- og kulturhistoriske museer. 

Tidlegare har museene sine katalogar ikkje vore tilgjengelege for publikum, anna enn enkeltvis ved utstillingar. Men museene sine samlingar er bygd opp for å gje ein breid dokumentasjon av, og grunnlag for forsking på vår kulturarv. Berre ein liten del av desse samlingane blir vist i utstillingar. DigitaltMuseum er eit tiltak som er sett i gong for å gje publikum breid og døgnopen tilgong til samlingane. Unntak er materiale eller katalogopplysningar som skal vernast med hensyn til personvern.

 

DigitaltMuseum er også ein viktig reidskap i museene sitt arbeid med å henta inn nye opplysningar, korreksjonar og utfyllande kommentarar til materialet i samlingane. Mange museer forvalter store fotosamlingar med begrensa opplysningar, og her bidreg no brukarane aktivt med opplysningar om kven som er avbilda og når, kor og i kva høve fotografia er tekne. På same måte kan brukarane leggja inn kommentarar med nye eller korrigerande opplysningar om gjenstandsmaterialet.

Venn tipset!

Din venn har blitt sendt en e-post om denne artikkelen.

Banner artiklar

Kraftmuseet

Norsk vasskraft- og industristadmuseum


Naustbakken 7, 5770 Tyssedal
Telefon: 53 65 00 50
post@kraftmuseet.no