Kraftmuseet

Velg språk

  • no_NO
  • en_GB
  • de_DE

Søk

Du er her:
  • Ledig stilling i museet!

Ledig stilling i museet!

Kraftmuseet skal engasjera eit dugande og entusiastisk menneske til å jobba med formidling og marknadsføring. 100% fast stilling i eit livleg og trivleg arbeidsmiljø. Søknadsfrist 29. oktober. 

Vi søkjer deg som brenn for historieformidling, og som med entusiasme og fagleg dyktigheit får Kraftmuseet til å glitra!

 

Hovudoppgåver:

  • deltaking i formidlingsarbeid
  • utvikling av formidlingsopplegg
  • marknadsføring/sal av Kraftmuseet og museet sine tenester
  • utvikling av marknadsføringsmateriell
  • ansvar for nettside og sosiale medium

 

Du:

  • er god på formidling, og har godt språk både munnleg og skriftleg, på norsk og engelsk
  • har høgare utdanning innan marknadsføring eller andre relevante fag
  • har arbeidserfaring innan marknadsføring/formidling
  • har god digital kompetanse og noko erfaring med grafisk formgjeving
  • trivst med å arbeida både sjølvstendig og i team
  • er systematisk og strukturert 

 

Vi tilbyr: Fleksibel arbeidstid, løn etter kvalifikasjon og pensjonsordning i KLP.

Spørsmål kan rettast til direktør Knut Markhus, tlf. 932 25 243 eller avdelingsleiar Åsne Dolve Meyer, tlf. 997 11 086

Søknadsfrist 29. oktober 2021. Send søknad med CV og referansar til: post(a)kraftmuseet.no eller Kraftmuseet, Naustbakken 7, 5770 TYSSEDAL - eller via finn.no: https://www.finn.no/job/fulltime/ad.html?finnkode=232984696

Venn tipset!

Din venn har blitt sendt en e-post om denne artikkelen.

Banner artiklar

Kraftmuseet

Norsk vasskraft- og industristadmuseum


Naustbakken 7, 5770 Tyssedal
Telefon: 53 65 00 50
post@kraftmuseet.no