Kraftmuseet

Velg språk

  • no_NO
  • en_GB
  • de_DE

Søk

Du er her:
  • Kraftmuseet søkjer forfattar til spennande bokprosjekt!

Kraftmuseet søkjer forfattar til spennande bokprosjekt!

Kraftmuseet søkjer forfattar til jubileumsboka for zinkverket Boliden Odda AS (tidlegare Norzink AS) 1924-2024. 

Boliden Odda har drive stort med zinkproduksjon heilt sidan oppstarten i 1924. Med i overkant av 300 tilsette, er Boliden hjørnesteinsbedrift i Odda og av dei større industriverksemdene på Vestlandet. Meir informasjon her: https://www.boliden.com/operations/smelters/boliden-odda 

Den som skal fortelja den fargerike og omfattande historia til fabrikken bør ha høgare utdanning i historie eller liknande - og ein god penn. Det er ein fordel om forfatteren har kunnskap om industrihistorie. Bokprosjektet er rekna til 1, 5 årsverk. Manus til boka skal vera ferdig til august 2023.   

Arbeidet kan eventuelt delast på fleire forfattarar. Forfattar kan sjølv velja om boka skal skrivast på bokmål eller nynorsk. 

Jubileumsboka vert organisert som eit prosjekt, der Kraftmuseet har redaktøransvaret. Ei styringsgruppe med personar frå Boliden Odda AS og Kraftmuseet vil følgja prosjektet. Kontorarbeidsplass blir stilt til disposisjon i Industriarkivet i Odda, ei avdeling av Kraftmuseet. 

Kraftmuseet har hand om det historiske arkivet til Boliden Odda, og gjer dette tilgjengeleg. 

Løn/honorar etter avtale. 

Kontakt ved spørsmål om stillinga: Administrasjonsleiar Mette Haraldsen, tlf. 48137116 

 

Stillingstittel: Faglitterær forfattar

Frist: 28.05.2021

Ansettelsesform: Prosjekt

Tappearbeid ved smelteovn på Zinken i 1981. Foto: Tor Brekke. Kraftmuseet arkiv

 

Venn tipset!

Din venn har blitt sendt en e-post om denne artikkelen.

Banner artiklar

Kraftmuseet

Norsk vasskraft- og industristadmuseum


Naustbakken 7, 5770 Tyssedal
Telefon: 53 65 00 50
post@kraftmuseet.no