Hotel Hardanger i Odda har sidan 1896 stått som eit lysande døme på hotellarkitektur i særklasse, sjølv no, snart 50 år etter at det vart rive. Samstundes står det også som eit døme på ein opprivande, tøff og sår kamp om kulturverdiar i Odda.
Arkitekten bak bygget, Hans Heinrich Jess er ikkje like kjend som hotellet. Men det er stryningen Edvard Faleide i ferd med å endra på. Gjennom grundige søk etter kjelder og intense studiar av foto og bygningshistorie, arbeider han med arkitekt Jess sin samla historie. Faleide held to foredrag om Jess denna dagen.
Edvard Faleide
Jess
Tor Henrik Mannsåker var arkitekten bak innpassing av dekordelar frå Hotel Hardanger/Gamle rådhuset i Ungdomshallen i 1981-83. Saman med Jon Låte var han òg ein av dei som på 1970-talet kjempa hardt for at Hotel Hardanger / Gamle rådhuset ikkje skulle rivast. Dei kjem for å dela sin kunnskap. Mads Ramstad, museumsdirektør for Haugalandsmuseet, er oldebarn til «sjølvaste hotellfruo» i Odda, den legendariske fru Sofie Tollefsen, født Simonsen frå Mølstre i Sveio. Også broren Theodor og to systre høyrde til «hotelldynastiet» i Hardanger. Har fortel om Tollefsen og Simonsen som eigde og dreiv «Hotel Hardanger» - kven var skipskapteinen, «fruo» og forretningsføraren?
Under arrangementet er det lagt inn omvising i Ungdomshallen og vi vil visa eit utval av teikningar (blåkopiar) som Ullensvang kommune kosta skanning av i 2021.
PROGRAM
11.00 Velkomen.
11.05 Edvard Faleide: Bergensarkitekten Jess: Nygotikk og nyrenessanse.
11.50 Kort pause med sal av kaffi/te/noko å bita i.
12.00 Edvard Faleide: Kyrkje- og hotellarkitekten Jess i bygdene på Vestlandet, med vekt på
Odda-området og Hotell Hardanger.
12.45 Lunsjpause med sal av mat og drikke.
13.15 Mads Ramstad: Tollefsen og Simonsen som eigde og dreiv «Hotel Hardanger» - kven var skipskapteinen, «fruo» og forretningsføraren?
13.45 Jon Låte: Kampen for å redda Hotel Hardanger / Det gamle rådhuset frå total riving
14.15 Kaffi / fruktpause.
14.30 Tor Henrik Mannsåker: Det som bergast kunne - Om hotell-dekoren i Ungdomshallen.
14.50 Tor Henrik med fleire: Omvising i Ungdomshallen for å sjå dekor og bygningsdeler som er tatt i bruk.
15.40 Tilbake til Sentralbadet Litteraturhus: Avrunding, tid til spørsmål
16.00 Slutt
I PAUSANE
Kraftmuseet: Sal av bøkene «Underdeilig» - Hardanger si reiselivshistorie og «Fabrikkbyane i Hardanger» – om arkitekturhistorien i Odda, Tyssedal og Ålvik.
«Loop» med foto og blåkopi-teikningar av Hotel Hardanger, visast i pausar mm.
Hardanger Historielag: Sal av årboka Hardanger, 2021 og 2022 og fleire. Profilering og medlemsverving.
MEDVERKANDE
Edvard Faleide, forfattar av to arkitiklar i Årboka Hardanger om arkitekt Hans Heinrich Jess og hotellarkitekturen i Hardanger. Arbeider med ein samlande biografi om arkitekt Jess. Lektor ved Stryn Gymnas med arkitektur- og bygningshistorie som spesialfelt.
Jon Låte, aktiv i kampen for «Det gamle rådhuset», interiørarkitekt, museumsmann, prosjektarbeid med tettstadutvikling fleire stader i landet, m.a. Tyssedalsprosjektet, var i Norsk Form og Miljøverndepartementet.
Tor Henrik Mannsåker, aktiv i kampen for «Det gamle rådhuset» og arkitekt og hovudansvarleg for innpassing av dekor og bygningsdeler frå Hotel Hardanger / Det gamle rådhuset ved ombygginga av Ungdomshallen i 1981-83.
Mads Ramstad, oldebarn av Sofie og Mikal Tollefsen ved Hotel Hardanger, historikar cand.philol og museumsdirektør for Haugalandsmuseet.