Kraftmuseet

Velg språk

  • no_NO
  • en_GB
  • de_DE

Søk

Du er her:
  • Gratis årskort til barnefamiliar i Ullensvang.

Gratis årskort til barnefamiliar i Ullensvang.

I samband med sommarskuletilbodet i Ullensvang får no alle barnefamiliar i Ullensvang kommune tilbod om gratis årskort på Kraftmuseet.

Kortet gjev inngang i 2021 for familien til KraftLaben, Kraftmuseet i Tyssedal, Lilletopp og Lindehuset. Gjeld ordinære opningsdagar. Barn under 12 år må ha følgje med vaksen.

Alle føresette skal ha fått melding av skulen om korleis ein mottek kortet. Dersom du ikkje finn denne meldinga, ta kontakt med signe@kraftmuseet.no, så ordnar me det.

Andre kan kjøpa årskort på alle våre arenaer. Det kostar 200 for ein person og 400 for familiekort.

Informasjon om tilboda våre finn du på desse sidene. For spesielle temadagar og hendingar på Kraftlaben, følg Kraftlaben på facebook og instagram.

Velkomen til Kraftmuseet!

 

Venn tipset!

Din venn har blitt sendt en e-post om denne artikkelen.

Banner artiklar

Kraftmuseet

Norsk vasskraft- og industristadmuseum


Naustbakken 7, 5770 Tyssedal
Telefon: 53 65 00 50
post@kraftmuseet.no