Kraftmuseet

Velg språk

  • no_NO
  • en_GB
  • de_DE

Søk

Snobbane

Dei to små svarte maskinene som står ved vindauga i vest forma straumen om frå 25 Hz til 50 Hz.

 

Ein av snobbane - transformator frå 25Hz til 50Hz Ein av "snobbane" i kraftstasjonen. Foto: Anne Gravdal Kraftmuseet 

 

 

Dei store traverskranane som går på skinner langs heile stasjonen måtte ha 50 Hz straum, det same måtte krana på kaia ha. Kraftstasjonen i Tyssedal produserte berre 25Hz straum fordi karbidfabrikken i Odda trong denne frekvensen til omnane sine, men for kranane var dette for lite. Difor var det naudsynt med omformarar. Dei var laga i Sverige, og kalla "Snabbare" - svensk for fortare. Det gjekk ikkje lang tid før dei klassebevisste arbeidarane kalla maskinane for "snobbane" fordi direktøren og dei øvste funksjonærane fekk slik 50 Hz straum levert heime, i motsetnad til resten av husstandane i Odda og Tyssedal, som fekk den "simplare" frekvensen 25Hz. Svingningane i den frekvensen er så seine at augene er i stand til å oppfatta dei, så ein kan liksom sjå at ljoset blinker.

Venn tipset!

Din venn har blitt sendt en e-post om denne artikkelen.

Kraftmuseet

Norsk vasskraft- og industristadmuseum


Naustbakken 7, 5770 Tyssedal
Telefon: 53 65 00 50
post@kraftmuseet.no