Det meste er ført tilbake til slik han var i 1918 då stasjonen stod ferdig utbygd. Eit unntak er maskinene som opphavleg var svarte, her valde ein å behalda blåfargen frå 1950-talet.
Funksjonen til dei vakre søylene er å bera traverskrana. Dekorbordene på veggane blei avdekka under fleire lag maling. Motiva er symbol for elektrisitet; lynet og rotorhjulet i ein generator. Smijarnslampane er kopiar laga i smia ved museet etter gamle arkivteikningar og foto. Glaskuplane er kjøpte i Tyskland.
Restaureringsarbeidet er i hovudsak utført av lokale handverksfirma i samarbeid med Fylkeskonservatoren i Hordaland.
Under ni lag med maling fann ein att dekorfrisene på veggen i kraftstasjonen. Foto: Harald Hognerud Kraftmuseet
Dekorasjonen på veggen etter restaureringa. Foto: Anne Gravdal Kraftmuseet
Kraftstasjonen Tysso I vart restaurert frå 2000 til 2005 med ein kostnad på nær 50 millioner kroner. Foto: Harald Hognerud Kraftmuseet
Sandblåsing og ny maling. Foto: Harald Hognerud Kraftmuseet
Restaurering av kraftstasjonen i 2000. Foto: Harald Hognerud Kraftmuseet