Ved fall under 500 meter er Francisturbinen det vanlege. I denne stasjonen er det berre Peltonturbinar. Gruveingeniør Lester A. Pelton arbeidde med vasshjul i ei gullgruve i California rundt 1850. Ein dag tippa vasshjulet til sides og vasstråla traff kanten på skovlen. Pelton såg at farten auka så mykje at skovlane fór av. Han bygde då ein turbin med skovlar forma som to skåler med ein egg i midten. Peltonturbinen var konstruert!
I ein peltonturbin er det viktig at vasstråla er tynn og hard. Dette oppnår ein ved hjelp av ”nåla” . Nåla er i ei dyse, ho omdannar trykkenergi i vatnet til fart, vatnet treffer skovlane på turbinhjulet og driv turbinen rundt.
Turbin og nål/dyse sett frå nedsida. Foto: Harald Hognerud Kraftmuseet