Kraftmuseet

Velg språk

  • no_NO
  • en_GB
  • de_DE

Søk

Du er her:

Open generator

I kraftstasjonen er ein av generatorane opna for å synleggjera teknikken i desse.

Generatoren består i hovudsak av ein stator (del som står fast) og ein rotor (del som roterer inni statoren). Når vatnet har gitt turbinen mekanisk energi, vil akslingen få rotoren i generatoren til å gå rundt. Rotoren har spolar - koparviklingar -  rundt ein kjerne av jern. Statoren er tilført magnetisme. Kvar gong ein spole går gjennom magnetfeltet, blir det indusert ei spenning. Når rotoren snurrar skjer dette gong på gong, og vi produserer vekselstraum med spenning på 12 200 volt. Denne blir ført til eit koplingsanlegg og går derifrå som høgspentstraum til ein trafostasjon. Her blir straumen transformert ned til den spenningen vi nyttar i husa våre. 

 

Open generator før restaureringa Open generator før restuareringa. Foto: Harald Hognerud Kraftmuseet

 

 

Frå anleggstida i Tyssedal Ein av dei store generatorane med doble turbiner under innbygginga kring 1918. Foto: Kraftmuseet arkiv

 

 

 

Historisk foto av interiør i kraftstasjonen Tysso 1 Generator 8 i startfasen. Foto: Kraftmuseet arkiv

 

 

 

 

 

 

Venn tipset!

Din venn har blitt sendt en e-post om denne artikkelen.

Kraftmuseet

Norsk vasskraft- og industristadmuseum


Naustbakken 7, 5770 Tyssedal
Telefon: 53 65 00 50
post@kraftmuseet.no