Kraftmuseet

Velg språk

  • no_NO
  • en_GB
  • de_DE

Søk

Du er her:

Magasinkraftverk

Vi deler vasskraftverk inn i to typar: magasinkraftverk og elvekraftverk.

Aggregat i kraftstasjonen historisk Turbin, generator og regulator. Foto: Kraftmuseet arkiv

 

Magasinkraftverk har magasin for lagring av vatn slik at vassmengda vert regulert etter behov. Dette fordi elektrisk straum ikkje kan lagrast, og må brukast når han blir produsert. Elvekraftverk har ikkje magasin og er avhengig av vassmengda i elva til ei kvar tid. Tysso I var i si tid blant dei største magasinkraftverka i Nord-Europa. Den store røyrgata med fallhøgd på  400 meter førte til at vatnet fekk eit enormt trykk. Dette vart omgjort til mekanisk energi i turbinen som er kopla på ein aksling som driv generatoren rundt. Når det stod ferdig i 1908, hadde heile kraftverket ein kapasitet på 20 MW. Ved seinare utbyggingar vart det sett inn større turbinar og då stasjonen var ferdig i 1918 var totalkapasiteten på 100 MW

 

 

Her kan du sjå ein film der maskinist Johnny Våde viser korleis han køyrde opp eit aggregat i stasjonen:

Venn tipset!

Din venn har blitt sendt en e-post om denne artikkelen.

Kraftmuseet

Norsk vasskraft- og industristadmuseum


Naustbakken 7, 5770 Tyssedal
Telefon: 53 65 00 50
post@kraftmuseet.no