Kraftmuseet

Velg språk

  • no_NO
  • en_GB
  • de_DE

Søk

Du er her:

Kulturminne som kulturbygg

Sam Eyde og dei utanlandske investorane visste kva verdiar dei la grunnlaget for i 1907 - og dei ville visa det.

  

Dei ville byggja eit kraftslott mellom dei høge, ville vestlandsfjella.

 

Eit og eit halvt år etter oppstart, tente dei ljosa - og eit eventyrslott kasta sitt glitrande ljos ut over fjorden. Gullhornet er vatnet som renn i fossane. I 90 år er vatnet blitt foredla gjennom smelting av malm og har gitt nasjonen Norge milliardar i eksportinntekter. I 1970-åra kunne kunnskapen vi hadde opparbeida oss gjennom vasskrafta brukast til å utvikla landet til å verta ein oljenasjon. 

 

Kraftstasjonen på 1960-talet. Foto: Kraftmuseet arkiv        

 

 

 

      Første generaldirektør for AS Tyssefaldene Sam Eyde. Foto: Kraftmuseet arkiv

                                                                   

                                   

Kraftstasjonen står der like stolt i dag. Ingen andre stader kan visa ein så godt bevart maskinpark. Ingen andre stader kan visa eit så breidt spekter av komplett utstyr, bygningsanlegg for produksjon av vasskraft, oppbygging av ein industristad med institusjonar, bustadar og hierarki.

  Turbinhallen Tysso 1. Foto: Dag Endre Opedal Kraftmuseet

 

 

Kraftstasjonen Tysso I

Turbinhallen på 1920-talet. Foto: Kraftmuseet arkiv

 

                                                                                          

I dag står turbinane stille, og det er mogleg å høyre noko turbinhallen, der det var uråd å både snakka saman eller høyra noko då kraftstasjonen var i drift.

No fylles den storslåtte hallen med tonar frå musikarar og sangarar som held konsert her med jamne mellomrom.

 

Karl Seglem har spilt saksofon, Ole Edvard Antonsen trompet, Linda Øverbø og Arild Helland sang opera, Odd Nordstoga viser, Det Norske Solistkor røyrde tilhøyrarane til tårer og Dana Gillespie syns absolutt dette må verta neste stopp for Bob Dylan.

 

Turbinhallen er også ein unik arena for seminarer og storslåtte middagar. 

 

Odd Børresen i kraftstasjonen 2006   

Odd Børretsen les på AS Tyssefaldene si jubileumsfeiring i 2006. Foto: Helge Øygarden             

 

 

 

Bankett med tre-retters middag i turbinhallen. Foto: Dag Endre Opedal Kraftmuseet

 

 

I mai 2000 freda den norske Riksantikvaren det 180 meter lange bygget med dei femten aggregata. Traverskrana går  langsmed heile bygget, den eldste i verda. Den kan bæra oss alle og meir til.

 

Traverskran og turbiner i kraftstasjonen

Traverskrana var naudsynt for å henta inn dei svære generatorane og setta dei på plass. Foto: Kraftmuseet arkiv

Venn tipset!

Din venn har blitt sendt en e-post om denne artikkelen.

Kraftmuseet

Norsk vasskraft- og industristadmuseum


Naustbakken 7, 5770 Tyssedal
Telefon: 53 65 00 50
post@kraftmuseet.no