Kraftanlegget var livsnerva til industrisamfunna Odda og Tyssedal, er godt bevart, og er eit av dei fremste tekniske og industrielle kulturminna Noreg har i dag. Kraftanlegget fortel historia om vasskraftutbygginga og om framveksten av det moderne Noreg.
Det er viktig for museet å ta vare på, og samstundes skape nytt liv i anlegget. Eit svært omfattande restaureringsarbeid vart utført frå 1999-2007, både av sjølve kraftstasjonen og på Lilletopp, anlegget på toppen av røyrgata.
Tyssedal kraftanlegg, Tysso I, vart freda av Riksantikvaren 15. mai 2000.
Tysso I kraftstasjon i 1908, teikna av arkitekt Thorvald Astrup. Seinare vart kraftstasjonen påbygd, oppdraget gjekk til arkitekt Victor Nordan. Foto: Kraftmuseet arkiv
I 1978 tok Hardanger Folkemuseum v/rådsformann Sondov Rabbe det første initiativet til vern av Tyssedal kraftstasjon og mange trudde at prosessen med vernetanken var i gang. Men slik gjekk det ikkje. Det skulle gå mange år enno.
Odda Industristadmuseum, eit kommunalt kulturprosjekt, kom i gang i 1985, og tok straks opp att tråden om å verne eller frede kraftstasjonen. Først fire år seinare i 1989 kom eit prosjekt om utgreiing av framtidig vern av Tysso I i gang. Då industristadmuseet i 1994 flytta til Tyssedal og inn i det gamle administrasjonsbygget til AS Tyssefaldene, vart det meir fokus på kraftstasjonen sidan museet hadde både omvisingar og utstilling der.
Prosjektet om framtidig vern av Tysso I var overlevert Odda kommune, og i 1996 vart all drift i kraftstasjonen stoppa. No var det ingen kraftproduksjon eller energioverføring frå kraftstasjonen lenger og fredningssaka vart ei hovudoppgåve framover.
Frå 1996 arrangerte museet har konsertar i kraftkatedralen, og særleg vart den årlege konserten i samarbeid med Hardanger Musikkfest populær.
I 2000 vart Tysso I valt til Odda kommune sin 1000 årsstad. Bygget vart og stemt fram som århundrets bygg i Hordaland.
Så endeleg den 15. mai 2000 blir Tysso I, Tyssedal kraftstasjon og deler av kraftanlegget freda av Riksantikvaren. No var det om å gjere å kome i gang med restaureringsarbeidet så snart som mogleg. Fredinga utløyste ei viss økonomisk støtte, men det måtte jobbast hardt for å skaffe tilstrekkeleg finansiering til å kome i gang og ikkje minst for å halde kontinuitet i arbeidet for å halde dei store riggkostnadane nede. Dette var ein føresetnad for å halde budsjettet som vart lagt i "Tysso I-rapporten" frå 1999. Det klarte ein på dei fleste område. Dette skuldast godt samarbeid mellom byggeigar AS Tyssefaldene, som hadde ansvaret for byggeleiinga og NVIM som var ansvarleg for å skaffe finansiering. Finansieringa av dei 46,7 millionane det kosta å restaurere kraftanlegget var 23,9 mill skaffa lokalt og regionalt og 22,4 mill. var statlege midlar og 0,4 kom frå fond og andre midre bidragsytarar.
Direktør for AS Tyssefaldene , Karstein Bremnes, med fredingsdokumentet frå Riksantikvaren i år 2000. Foto: Harald Hognerud Kraftmuseet
Den 14. mai 2005 var statsminister Kjell Magne Bondevik i Tyssedal for å utføra den formelle handlinga som markerte at kraftstasjonen var ferdig restaurert.
Direktør Randi Bårtvedt og statsminister Kjell Magne Bondevik ved opninga av den ferdig restaurerte kraftstasjonen i mai 2005. Foto: Harald Hognerud Kraftmuseet
Kjelder: Kraftmuseet sine arkiv og rapporten ”Vestnorsk Vasskraftmuseum” av Lars Ove Seljestad.