Film: Arvid Aga
I Tyssedal ser du filmen Industrieventyret før du blir med våre flinke guidar på ei omvising inne i kraftstasjonen. Ynskjer du å gå aleine, er det sjølvsagt mogeleg. Vi har òg filmen Industripionerane, der du kan bli kjent med fleire av dei sentrale aktørane i industrietableringa på byrjinga av 1900-talet.
Tyssedal kraftverk var ein gong Europas største. Anlegget er eit nasjonalt kulturminne. Etter fredinga i 2000 er alt vakkert restaurert og fylt med aktivitet. Museet ved fjorden byr på daglege omvisingar i den freda Tyssedal kraftstasjon, filmar og utstillingar. Du er óg velkomen til å vandre rundt på eige hand.
I resepsjonen i den gamle landhandelen på kaia får du god hjelp av flinke museumsvertar. I butikken og kaféen kan du kjøpa lokalt kunsthandverk og kortreist mat. Les meir her: Butikk og kafé
Har du høve, anbefaler vi ein konsert i kraftkatedralen - ei oppleving utanom det vanlege! Kraftstasjonen er fast arena for ein av hardangermusikkfest sine konsertar.
Bli med i rallarens fotspor til Lilletopp - enten på ein klatretur langs røyrgata saman med trolltunga-active.com eller på stien saman med oss.
Tyssedal via ferrata klatreløype langs røyrgata i luftig høgde. Foto: Dag Endre Opedal Kraftmuseet
Museet eig yachten M/Y Tysso som er til utleige med skipper. Plass til 12 passasjerar.
Kraftmuseet sin båt M/Y Tysso. Foto: Harald Hognerud, Kraftmuseet
Vi skreddersyr gjerne eit opplegg til ein firmatur, familieselskap, konferanse, seminar og liknande. Send e-post for tilbod post@nvim.no Les meir her: Kurs og konferanse
Konferansar og bankettar, seminarer eller konsertar - kraftstasjonen er eit unikt festlokale. Foto: Harald Hognerud, Kraftmuseet