Naustbakken var plass og feste under garden Tyssedal. Plassen fødde i 1875: 1 ku, 6 sauer og 1 geit. Utsådd poteter. AS Tyssefaldene fekk feste på garden i 1906 for kr. 2 500 pluss årleg avgift.
Naustbakken 3 var det største naustet i Tyssedal. Gråsteinsmurane dannar kjellaren i bygget som er frå 1906. Byggmeistaren frå Digranes bygde huset i enkel "Sørfjordsveitser". Vindauga er i typisk jugendstil som var populær rundt 1912.
Kristen Tyssedal selde garden sin til AS Tyssefaldene i 1911 og opna den første landhandelen i Tyssedal i Naustbakken 3. Han var og postopnar dei første åra. Johannes Norheim overtok butikken i 1924. Norheimsbutikken var i drift til 1968 og var ein av over tretti butikkar i Tyssedal.
Alt kom sjøvegen til Tyssedal i mange tiår, og området nedst i Naustbakken var eit naturleg sentrum.
I første etasje har museet i dag resepsjon og museumsbutikk. Kjellaren er bygd om til kafé og selskapslokale. Tyssedal Røde Kors held til i andre etasje.
Bygget vart pussa opp i år 2000 i regi av Kraftmuseet. AS Tyssefaldene eig bygget.
Naustbakken 3 og hestetransport. Foto: Kraftmuseet
Naustbakken 3 i 1911, med røyrdelar til røyrgata i framgrunnen. Foto: Kraftmuseet arkiv
Kaia og Naustbakken 3 sett frå same ståstad i 2014. Foto: Harald Hognerud Kraftmuseet
Resepsjon og museumsbutikk i 2014. Foto: Harald Hognerud Kraftmuseet
Sommarvertane Åshild og Maren i butikken/resepsjonen. Foto: Anne Gravdal Kraftmuseet