Kraftmuseet

Velg språk

  • no_NO
  • en_GB
  • de_DE

Søk

Du er her:

Adminstrasjonbygget i Naustbakken

Bygget vart oppført i 1914 etter teikningar av arkitektane Morgenstierne og Eide i Kristiania. Det blei som eit rådhus for Tyssedal. Her var driftskontor, lønningskontor, telegraf, bank, post og politi. I kjellaren bak politistasjonen låg arresten.

 

Opplyst administrasjonsbygg

Bygget helsa besøkande velkomen med fasaden vendt mot fjorden. Foto: Harald Hognerud Kraftmuseet

 

 

AS Tyssefaldene hadde kontora sine i bygget fram til 1989, då dei flytta administrasjon og driftssentral til toppetasjane i den gamle kraftstasjonen.

 

Arkitektane Morgenstierne og Eide teikna administrasjonsbygget for utbyggjarane av den nye tida i 1914. Den symmetriske fasaden og dei klassisistiske trekka skulle visa alle som kom sjøvegen til Tyssedal kvar sentralen i industrisamfunnet var.

I anleggstida fungerte AS Tyssefaldene som politimakt. Frå 1916 var det tilsett ein poitibetjent og gjennom 60 år hadde politiet bolig, kontor og arrest i bygget.

Kraftmuseet tok bygningen i bruk i 1994. Han blei då restaurert i samråd med Riksantikvaren. Det er brukt opprinnelege puss- og malingsteknikkar i tillegg til nytt materiale og forsiktige endringar. Gro Lavold var arkitekt for restaureringa.

Kontoretasjen er bygd om til utstillingsrom, underetasjen har auditorium/filmsal og magasin for arkiv og gjenstandar. I toppetasjen der det før var leilegheiter, er det kontor, møterom og bibliotek.

 

 

Museet leiger bygget av AS Tyssefaldene. 

 

 

AST sin  administrasjonsbygning     ByBygget då det var nytt i 1914. Foto: Kraftmuseet arkiv

 

 Døra til administrasjonsbygget

Midt på fasaden troner inngangen med nybarokk ornamentering. Foto: Harald Hognerud

 

Detalj av taket til administrasjonsbyningen

Arkar og spir er malte som irra koppar. Foto: Harald Hognerud Kraftmuseet

 

 

  

 

Frå bygginga av administrasjonsbygningen i 1914. Foto: Kraftmuseet arkiv

 

 

 

 

Venn tipset!

Din venn har blitt sendt en e-post om denne artikkelen.

Kraftmuseet

Norsk vasskraft- og industristadmuseum


Naustbakken 7, 5770 Tyssedal
Telefon: 53 65 00 50
post@kraftmuseet.no