Kraftmuseet

Velg språk

  • no_NO
  • en_GB
  • de_DE

Søk

Du er her:

Utstillingar i Lindehuset.

Noko er i ferd med å skje i traforommet inne i Lindehuset. Noko som skal bli ei altoppslukande oppleving, ei utstilling du kanskje ikkje har sett før.

Kva er Lindehuset? 

 Lindehuset var eit anlegg på det tidlegare Odda Smelteverk. Her blei luft "gjort om til pengar" med at nitrogen blei henta ut av lufta (det er om lag 80% nitrogen og 20% oksygen i lufta vi pustar inn), komprimert og til slutt gjort flytande ved minus 192º C. Prosessen var nødvendig for å produsera kalsiumcyanamid, som blei bruka som kunstgjødsel med meir.  Han som fann opp dette kjøleanlegget heitte Carl von Linde - og derav namnet Lindehuset. I dag har Kraftmuseet utstillingar og arrangement i Lindehuset.

 

Denne sommaren vil museet presentere ei spektakulær visuell oppleving i bygget.

 

Ved hjelp av det nyaste innan prosjektorteknologi skal ein film projiserast  både på vegger og golv i ei immersiv oppleving. Publikum blir såleis omslutta av lyd og bilde. Filmen som skal visast har tittelen «Frukthagen» og er ei reise gjennom dei ulike sesongane i denne hagen som er så typisk for Hardanger, og gjennom dei ulike fasane i eit liv. Me følgjer ein ung gut frå barndom til alderdom, frå vår til vinter.

 

Bakteppet er arven etter fotopioneren Knud Knudsen.

 

Me gler oss stort til å visa fram det som me har jobba med i vinter, seier prosjektleiar Guro Kvalnes. Konseptet er utvikla av ustillingsdesignar Kine Liholm og teknologien blir levert av firmaet Logic Interactiv.

 

Ei immersiv fotoutstilling. Foto: Logic Interactiv

 

 

Du kan lesa meir om Lindhuset om du klikker på biletet her:

 

Lindehuset fasade 2015
 

 

 

 

 

Venn tipset!

Din venn har blitt sendt en e-post om denne artikkelen.

Kraftmuseet

Norsk vasskraft- og industristadmuseum


Naustbakken 7, 5770 Tyssedal
Telefon: 53 65 00 50
post@kraftmuseet.no