Kraftmuseet har også fleire arenaer i Odda, der Lindehuset er det nyaste tilskuddet.
Lindehuset er på god veg til å bli regionalt kulturhus. Sommaren 2020 er det staden for ei fotoutstilling. Foto: Anne Gravdal, Kraftmuseet
Arbeiderboligane rett ved Murboligen i sentrum består i dag av fem hus, Folgefonngata 9, 11 og 13 og to uthus, og er dei eldste arbeiderboligane i Odda, bygde i 1908.
Uthuset Buen som høyrer til Folgefonngata 9 er biletspelsal og forsamlingslokale og kan leigast. Anlegget i Folgefonngata er eit vitnesbyrd om levde liv: lagnader, hardt arbeid, livsmot og trua på framtida. Anlegget var det første store restaureringsprosjektet museet gjennomførte. Er bygningane stengde, er du alltid velkommen til å setja deg ned i hagen. Vi tilbyr omvising og filmen 'Borna på Bakke' etter avtale.
I 2010 tok museet over det gamle laboratoriet på smelteverkstomta og bygd det om til KraftLaben vitensenter i samarbeid med VilVite i Bergen. Museet kjøpte også smia på smelteverkstomta i 2010 - som vart restaurert og er i dag ei av dei siste industrismiene i Norden.
I 2019 inngjekk Kraftmuseet ein langtids leigeavtale på Lindehuset og vil saman med Ullensvang kommune utvikla det tidlegare industribygget til eit regionalt kulturhus. For tida kan du her sjå fotoutstillinga På veg.
I dag nyttar museet dei historiske husa på Bakke i hovudsak til undervisning, omvisingar og arrangement. Venelaget Kraftmuseets Venner nyttar nr. 13 som kontor og samlingslokale.
Museumshagen i Folgefonngata. Foto: Harald Hognerud Kraftmuseet
Buen møtelokale i museumshagen i Odda sentrum. Foto: Anne Gravdal Kraftmuseet
Bodil Honve og Harald Knutsson fortel i filmen "Borna på Bakke" om korleis det var å vaksa opp på Bakke. Foto: Kraftmuseet arkiv