Kraftmuseet

Velg språk

  • no_NO
  • en_GB
  • de_DE

Søk

Du er her:

Lilletopp - ein tur for heile familien

Ser du etter fleire turar nær Trolltunga, kan du ta den korte men spektakulære turen til Lilletopp og Oksla.

Du får gratis parkering ved Tyssohallen parkeringsplass om du kjøper billett på museet (alle arena - vis kvittering), og hentar lapp ved Kraftmuseet i museet sine opningstider.

 

Slik finn du vegen til Lilletopp:

Raud stipla linje er bilveg, raud heil linje er stien frå Toppelvsvingen.

 

Kart over Tyssedal og Lilletopp Du kan parkera ved Tysso idrettsplass (Tyssohallen). På Kraftmuseet ved fjorden får du gratis billett for korttidsparkering (3 timar) om du kjøper billett på ein av museet sine stader.

 

 

Kraftmuseet sin fotograf Dag Endre Opedal har filma Lilletopp med drone.        Lilletopp from NVIM on Vimeo.

 

 

 

Lilletopp, Oksla og Sørfjorden ut mot Oksen og Hardangerfjorden. Foto: Dag Endre Opedal Kraftmuseet

 

 

Du går ein halv time på ein bratt, men godt tilrettelagt sti i historiske omgjevnader. Her får du oppleva fantastisk utsikt, kjenne på dei mektige kreftene og dei utopiske draumane som blei verkelege i dei bratte fjella på byrjinga av 1900-talet.

Bli med oss i rallaren og slusken sine fotspor opp til vasskraftanlegget i fjellsida. Du får bli med inn i fjellet, prøva deg som rallar, høyra historia om den fantastiske utbygginga og nyta utsikten over Hardangerfjorden og bort på isbreen Folgefonna frå svaberga på Oksla.

 

Frå vassinntaket i Skjeggedal - Vetlevatn - blei det drive to tunnelar på 3 430 meter med eit fall på 1:340 og eit tverrsnitt på 9,5 m² gjennom Tyssenuten. I alt 16 tverrslag blei slått ut med handamakt. Arbeidet blei utført av arbeidslag på 6-10 mann. Ved kvart tverrslag ligg store steinurer av utmeisla steinmassar. Tunellane munner ut i det 4500m³ store fordelingsbassenget på Lilletopp der vatnet gjekk inn i røyrgatene på kote 410. Vatnet blei regulert av ventilar som blei åpna og lukka med handamakt fram til 1937. På Lilletopp ligg ventilhuset, endestasjonar for taubane og trallebane, voktarbolig og smie, til saman 12 hus. Stien opp til Lilletopp går langs elveleiet for Toppelva der vatnet gjekk då det blei overløp i fordelingsbassenget eller når det blei tappa for å reinska tunellane. Fordelingsbassenget har vore tomt sidan 1989. Her inne har m.a. Hardanger Musikkfest hatt konsertar.

Anlegget er freda og i dag ein del av museet. Her er faste omvisingar om sommaren.

 

 

Eit litt annleis konsertlokale. Film: Dag Endre Opedal Kraftmuseet

 

Røyrgata

Bygginga av røyrgata til Tyssedal kraftstasjon var eit pionerprosjekt i skandinavisk målestokk. Aldri tidlegare var det lagt opp røyrleidningar for så stort vasstrykk og aldri tidlegare i så bratt terreng. Dei to første røyra blei monterte i 1907. Dei hadde ei lengd på 730 meter og ei fallhøgd på 410 meter, med 60° helling på det brattaste. Dei tekniske hjelpemidla var ein elektrisk trallebane og tauverk, kjetting og wire. Arbeidarane si einaste sikring var taua som knytte dei saman med arbeidskameratane. I 1910-12 blei det lagt to nye røyr, med noko større diameter. I 1914-15 kom det femte røyret på plass. Dette var verdas største røyr, med øvre diameter på 180 cm, midtre diameter på 150 cm og nedre diameter på 120 cm. Godset i røyrveggen er frå 7-35 mm. Røyra blei leverte frå Tyskland og Polen. Arbeidarane måtte bolta seg fast til fjellet eller henga saman i tau for å legga røyrene på plass. Dei bar på ryggen, dei brukte taljer, skinner, slisking og tau. Dei bygde trallebane langsmed røyra, trapper og enkle taubanar. Det var eit farleg arbeid på snø- og iskledde fjellveggar. Då dei fekk elektrisk kraft, bygde dei spillverk på toppen for å dra opp dei siste røyra. Det femte og lengste røyret blei bygd i 1915.

 

Trallebane ved røyrgata 1907

Under bygginga av kraftanlegget i 1906, 1907 og 1908 var arbeidarane ikkje godt sikra. Dei sprengde ut traséen til røyrgata, drog opp og klinka saman fleire tonn tunge røyrdelar. Foto: Kraftmuseet og AST arkiv.

 

 

 

Bygging av røyrgata   Tunge og store røyr i bratt terreng. Foto: Kraftmuseet og AST arkiv

 

 

I eit samarbeid med Trolltunga-Active byr museet på ein klatretur langs røyrgata. Her klatrer du i rallarane sine fotspor, godt sikra med klatreutstyr, saman med ein erfaren klatreguide. Passeleg for alle aldersgrupper frå 15 år.

 

Klatrere på fjellveggen

I fjellveggen over Tyssedal. Foto: Anne Gravdal Kraftmuseet

 

 

Frå røyrgata klatrer du ut på glatte fjellsida Frå røyrgata klatrer du ut på glatte fjellsida. Foto: Anne Gravdal Kraftmuseet

 

 

Vetlevatn i Skjeggedal

Vetlevatn er inntaksmagasinet til anlegget Tysso I. Ventilhuset ved inntaksdammen er freda med eksteriør og interiør. Det er to 3430 meter lange tunellar mellom inntaket ved Vetlevatn og fordelingsbassenget på Lilletopp. Demningen av jernbetong er frå 1921-24. Den er 30m lang, 10m høg og 12 breid ved damfoten, 3m ved damkrona. Demningen er bygd som overløpsdam med reguleringsnåler i tre. Nåler gjorde at ein kunne heva vannstanden til kote 415. Overløpet ved fordelingsbassenget på Lilletopp var på kote 415,20. Slik reduserte ein faren for stort overløp fra fordelingsbassenget ned Toppelva, rett ovenfor busettinga i Tyssedal.

 

Inntaksbygg ved Vetlevatn    Inntaksbygget på Vetlevatn. Foto: Anne Gravdal Kraftmuseet

 

 

 Tunnelarbeid på Lilletopp

Tunellane og fordelingsbassenget blei drevne ut for hand med feisel og bor og dynamittsalver. Foto: Kraftmuseet arkiv

 

 

Fordelingsbassenget

Det ytre fordelingsbassenget på Lilletopp var berekna på å ta i mot vatn frå den første, 8 m2 store tunnelen frå Vetlevatn. Baksida av fordelingsbassenget vart lagt mot fjellsida og framsida var oppmura granitt lagt i betong. Allereie under utbyggingsarbeidet viste det seg at vassføringa i Tysso-vassdraget var større enn berekna, og fordelingsbassenget vart bygd 500 m3 større enn prosjektert. I samband med ei stor utviding av produksjonskapasiteten i åra 1914-15 blei fordelingsbassenget utvida endå ein gong. I bakkant av det opphavlege bassenget, blei det sprengt ut eit fordelingsbasseng inni fjellet. Det nye bassenget hang saman med det gamle gjennom to tunellar, og var tjuefem meter langt, elleve meter breitt og tretten meter høgt. Fordelingsbassenget fekk no ein samla kapasitet på 4500 m3.

 

Omvising i vassmagasinet på Lilletopp Inne i fordelingsbassenget. Foto: Harald Hognerud Kraftmuseet

 

Voktarbustaden

Frå 1915-1923 budde heile familien til damvoktaren i voktarboligen på Lilletopp. Sonen gjekk kvar dag til skulen i Tyssedal, og han skal ikkje ha hatt ein einaste fråversdag. Voktaren hadde arbeid knytt til anlegget, og dreiv elles med småviltjakt i fjellet. Familien plukka tyttebær og blåbær i fjellet, og hadde bærbuskar ved voktarbustaden. Dei hadde også eit par geiter, og heldt seg på den måten med mjølk.

Under krigen budde det både tyske og norske vaktar her. Etter dette har det ikkje vore fast busetnad på Lilletopp.

 

Voktarbustaden på LilletoppFoto: Anne Gravdal Kraftmuseet   

 

 

         Familien Seim foran vokterboligen

Voktarfamilien på Lilletopp på 1920-talet. Foto:Kraftmuseet arkiv

 

Blikk ned røyrgata frå knekken

Blikk ned røyrgata frå knekken

  • thumbnail
  • thumbnail
  • thumbnail
  • thumbnail
  • thumbnail
  • thumbnail
  • thumbnail

Venn tipset!

Din venn har blitt sendt en e-post om denne artikkelen.

Kraftmuseet

Norsk vasskraft- og industristadmuseum


Naustbakken 7, 5770 Tyssedal
Telefon: 53 65 00 50
post@kraftmuseet.no