Kraftmuseet

Velg språk

  • no_NO
  • en_GB
  • de_DE

Søk

Du er her:

Kraftmuseet i Tyssedal

Kraftmuseet er ope heile året. 

Kva får du sjå og erfara om du besøker Kraftmuseet? Kva er historia bak det som i dag er eit museum om vasskraft og industri?

 

Vasskraft i Tyssedal

Grunnlaget for den første vasskraftutbygginga i Tyssedal var den vassrike Tyssoelva med nedslagsfeltet  på fjellplatået Hardangervidda. Dette saman med den djupe isfrie Sørfjorden gjorde det mogeleg å etablera lønsam industri i området. Men sjølv om ein hadde teknologien til kraftproduksjon, var ikkje teknologien for å frakta elektrisitet over store avstandar ferdig utvikla. Difor måtte industrien byggjast nær straumleverandøren. Det fanst ikkje tomter som egna seg til karbidfabrikk i Tyssedal, men i  Odda var det plass. Og med industrien følgde arbeidsplassar som danna grunnlaget for det nye Oddasamfunnet.

 

Etter kvart som industrien og forureiningane frå industrien vaks, forsvann turismen. Etter utbrotet av første verdskrig i 1914 stansa straumen av utanlandske turistar, og mange av hotella gjekk konkurs.

 

 

Kraftproduksjon

Vatnet til straumproduksjonen blir samla i magasina på Hardangervidda og ved Ringedalsvatnet. Vatnet strøymde med stor fart gjennom tunnel og røyrgate mot turbinane i stasjonen, der det dreiv turbinhjulet rundt og det slik blei danna mekanisk energi. Turbina trekk med seg generatoren som er montert på same aksling. I generatoren vert den mekaniske energien omvandla til elektrisk energi. Så blir krafta ført ut på det elektriske nettet og samkjøringsnettet. For å få høgspenning må det bli tilført magnetisme.

Dette vart gjort i kraftstasjonen Tysso 1 i Tyssedal frå 1908 til 1989. Det var eit pionerarbeid i internasjonal og nasjonal målestokk, og eit viktig kapittel i norsk vasskraft- og industrihistorie. 

Kraftstasjonen var i 1918 ein av Europas største, med ein produksjon på omlag 700 millioner kilowatt- timar pr. år. I 1947 produserte Tyssefaldene AS omlag 10% av den samla kraftproduksjon i landet.

 

Industrien

Før industrialiseringa gjorde sitt inntog budde 30 personar fordelt på 3 gardar i Tyssedal (1900). Ein gard på kvar side av Tyssoelva nede ved fjorden, ein i Skjeggedal. I 1906 blei ei ny æra i Tyssedal og Odda innleia. Med utbygginga av kraftstasjonen blei området omvandla til eit moderne industrisamfunn. Anleggstida førte til ein enorm migrasjon til staden, og den lokale utvandringa til Amerika avtok. Innan få år slo mange hundre seg ned i Tyssedal og omegn. Dei kom frå heile landet samt Sverige og andre nordiske land. 

 

Industrialiseringa var i full gang i Europa, og vasskrafta i Norge lokka til seg energiintensive fabrikkar med trong for enorme mengder kraft. Utanlandsk kapital og norsk eigarskap skapte dei nye industristadene på vestlandet, der befolkninga ofte blei mangedobla.

 

Oddafabrikkane

Oddafabrikkane blei etablerte i 1906 som The Sun Gas Company. Fabrikken var ein av dei største karbidfabrikkar i verda då drifta starta i mai 1908. 

Etter ein stillstandsperiode på tre år, blei verket etablert på nytt med nye eigarar i 1924. Det britiskeigde firmaet BOC (British Oxygen Company) hadde norske leiarar på det som no blei kalla  Odda Smelteverk.

 

Kalsiumkarbid var produsert av koks og kol som blei smelta i store omnar. Karbiden var viktig for gruvene i England, der kalsiumkarbid blei nytta til lykter då det gjev eit intenst kvitt ljos. 

Acetylengass blei også produsert av kalsiumkarbid. Seinare var det brukt som råstoff m.a. til kunstsilke, plast og medisin. På 1960-talet byrja produksjon av dicyandiamid som kan brukast til m.a. kunstgjødsel, elektronisk industri, fargebinding i tekstiler og sprengstoff.

Fabrikken gjekk gjennom store moderniseringar på 1970-80- talet, og var då ein av dei leiande eksportørane av kalsiumkarbid i verda. 

På slutten av 1990-talet var den årlege omsetning på ca 350 millioner kroner. Smelteverket ble offisielt erklært konkurs i Hardanger tingrett i mars 2003.

 

 Anna industri

På slutten av anleggstida for kraftstasjonen og Tyssedal kraftanlegg blei det bygd ein aluminiumsfabrikk i Tyssedal, Det Norske Nitridaktieselskap(DNN).  Fabrikken blei bygd med norske og franske økonomiske interesser og stod ferdig i 1916.

Fabrikken gav arbeidsplassar til mange, og mange nye folk kom frå alle kantar av landet til Tyssedal og Odda for å få seg arbeid. Aluminiumsfabrikken blei lagd ned i 1980, og etter store protester frå lokalsamfunnet, fekk dei regjeringa med på å oppretta eit ilmenittverk, som i dag grå under namnet Tizir Titan og Ilmenitt.

 

Zinkfabrikken på Eitrheimsneset er det einaste sinkverket i Skandinavia, og blei danna i 1924 under namnet Det Norske Zinkkompani A/S.  Fabrikken stod ferdig på Eitrheimsneset i 1929. I dag er selskapet eigd av svenske Boliden.

 

 

Hjarteleg velkomen til å sjå og læra om starten på det norske industrieventyret!

 

 

 

Venn tipset!

Din venn har blitt sendt en e-post om denne artikkelen.

Kraftmuseet

Norsk vasskraft- og industristadmuseum


Naustbakken 7, 5770 Tyssedal
Telefon: 53 65 00 50
post@kraftmuseet.no