Kraftmuseet

Velg språk

  • no_NO
  • en_GB
  • de_DE

Søk

Du er her:

Farleg karbid

Odda sentrum risikerte å bli sprengd i lufta då karbid eksploderte i august 1962. Sjå foto under artikkelen.

Fem 100 kilos dunkar med karbid hadde ramla i sjøen i hamnebassenget under lastearbeid ved kaia på Smelteverket.

 

Året var 1962, dunkane låg på 8-9 meters djup, og  så lenge dei var tette var det ingen fare. Men ein måtte rekna med at dei ein dag ville rusta, eller bli skada. Viss karbiden kom i kontakt med vatnet, ville det heile eksplodera, det ville oppstå acetylengass som ville antenna når han kom til overflata. Mengda ville tilsvara ei dynamittladning på 1000 kilo. Ein styrt eksplosjon under vatn ville innebera mykje mindre risiko.

 

Ein hadde prøvd å heva dunkane, noko som viste seg å vera uforsvarleg, då den eine som blei heva opna seg grunna forskjellen i trykket då han kom opp til overflata. Det var også ein viss fare for at lageret med 1800 tonn karbid i nærleiken kunne bli treft. Saka vart meld til Norges Sprengstoffinspeksjon, som bestemte seg for å foreta ei kontrollert sprenging.

 

Leiaren for sprengstoffinspeksjonen var sivilingeniør Anne Lene Thorsen, og med seg hadde ho dykkarane Jan Thomassen og Njål Aga denne augustdagen. Dei skulle forsiktig festa sprengstoffet på dunkane, noko Thorsen ville ha teke seg av sjølv om ikkje dei to yrkesdykkarane hadde melde seg frivillig til dette farlege arbeidet.

 

Thorsen fortel:  - Jeg hadde ikke villet be noen om å påta seg dette oppdraget i det hele tatt. Jeg hadde tenkt å gjøre det selv. Jeg bestemte meg for å forsøke en tradisjonell dykkerdrakt, og ble puttet ned i et uhyre av en drakt. Den var så rent for stor for meg. Vel, jeg gikk da ned i denne digre drakten, og ble kastet i vannet. Jeg fikk feltet nesten helt oppunder halsen, jeg fikk ikke puste. Ikke nådde jeg ventilen oppe på hjelmen heller. De i dykkerbåten skjønte visst at noe var galt, for det kom ikke noen bobler opp. Da de begynte å trekke meg opp gikk det også galt. Jeg ble liggende vannrett i vannet, og kom til overflaten som en sekk med tau på midten. De prøvde å få meg på rett kjøl igjen, så de tok et godt tak i hjelmen for å trekke meg opp. Men fordi alt var så forferdelig stort, fikk jeg stålkraven på hjelmen oppunder haken, og ble heist opp etter nakkevirvlene. Jeg var sikker på at både hjelmen og hodet skulle bli skilt fra resten av kroppen. Da jeg kom opp var jeg så fortumlet og omtåket at jeg ikke hadde mot til å forsøke mer den dagen. Dagen etter ringte Thomassen og tilbød seg å gjøre jobben. Han hadde fått høre om mitt forsøk av en dykker i havnevesenet.

 

Området rundt hamnebassenget måtte evakuerast, då det kunne oppstå ei stikkflamme på 2000 grader omkring eksplosjonen. I det dunkane eksploderte under vatn, viste det seg at trykket reiv hol i tre andre karbiddunkar i hamnebassenget som ein ikkje hadde visst om. Mengd karbid vart såleis dobla, og det oppstod fleire eksplosjonar bortover vatnet. Smellet var kraftig, og vasspruten stod langt innover kaia. Ei sydande vassbobla steig opp etter eksplosjonen, og vatnet vart gråsvart av karbid og gjørma.

 

Det vart seinare gjort ei synfaring på botnen av hamnebassenget for å sikra at det ikkje fanst fleire dunkar med karbid der.

Faksimile frå NÅ som viser ingeniør Anne Lene Thorsen i 1962

Faksimile frå tidsskriftet NÅ i 1962, som viser ingerniør Anne Lene Thorsen i Odda.

 

 

Lasting av dunkar med karbid om bord i lastebåt. Lasting av dunkar med karbid på lastebåt. Foto: Kraftmuseet arkiv

 

Karbiddunk med laust lok. Karbiddunk med sprukke lok. Foto: Kraftmuseet arkiv

 

Farleg sprengstoff august 1962 Sprengstoffinspeksjonen handterar dynamitten. Foto: Kraftmuseet arkiv

 

 

Sprenging av karbid i Sørfjorden i Odda. August 1962 Dykkarane Thomassen og Aga gjer seg klare til å festa dynamitten. Foto: Kraftmuseet arkiv

 

Sprenging av karbid i Sørfjorden i Odda. August 1962 Hans Mørk hjalp til med å klargjera dynamitten og rettleia frå båt. Foto: Kraftmuseet arkiv

 

 

Kjelder:

Tidsskriftet NÅ, s. 18 og 19 i utgåve 32, 1962. Reportasje Bjørn Glorvigen.

Hardanger Folkeblad fredag 3. august 1962

Venn tipset!

Din venn har blitt sendt en e-post om denne artikkelen.

Kraftmuseet

Norsk vasskraft- og industristadmuseum


Naustbakken 7, 5770 Tyssedal
Telefon: 53 65 00 50
post@kraftmuseet.no