Museumsanlegget i Odda sentrum.slik det såg ut på 1980-talet. Foto: Kraftmuseet arkiv
Kraftmuseet si avdeling i Folgefonngata i Odda sentrum består av fem hus, Folgefonngata 9, 11 og 13 i tillegg til to uthus. Uthuset som høyrer til Folgefonngata 9 er biletspelsal og møtelokale. Leilegheitene er innreia i autentisk stil frå åra 1910, 1920, 1930 og 1950. Biletspelet "Borna på Bakke" av Randi Storaas fortel om korleis det var å veksa opp i Odda under industrireisinga.
Vår i hagen til familien Abelsen. Foto: Kraftmuseet arkiv
Gunn Honve, Arne Johansen og Tom Kleppe på trappa i Folgefonngata13 kring 1940. Foto: Kraftmuseet arkiv
Gjengen frå Kleivavika med skobesparing under solane i 1924. Foto: Kraftmuseet arkiv
Leilegheitane i Folgefonngata er eit vitnesbyrd om levde liv: lagnader, hardt arbeid, livsmot og trua på framtida. Anlegget var det første store restaureringsprosjektet museet gjennomførte.
Leilegheit frå 1920. Foto: Harald Hognerud, Kraftmuseet
I leilegheita frå 1910 budde Karl Andreas og Guri med to born. Murboligen stod ferdig i 1914. Foto: Anne Gravdal Kraftmuseet
I dag vert husa i hovudsak brukt til undervisning og arrangement. Museet tilbyr omvising etter avtale. Hagen er open for alle.
Folgefonngata - tidlegare Dr. Boyds gate. Foto: Harald Hognerud Kraftmuseet
Omvising i museumshagen og arbeiderboligane. Foto: Anne Gravdal, Krafmuseet