I 200 år har turistar vorte dregne hit, og Kraftmuseet laga ei utstilling om det.
Utstillinga tok for seg Hardanger si reiselivshistorie gjennom foto, film, gjenstandar og tekst. Her kunne publikum få sjå keisar Wilhelm sin private økologiske do, ei mengd historiske foto, artige sitat frå reiseskildringar, sjarmerande filmsnuttar frå etterkrigstida. Eitt rom var laga til ein romantisk lounge, der ein kunne sitja i raud velur og lesa i både relevant og underhaldande litteratur, med høveleg musikk til. Det var ei utstilling som prøvde å ta inn noko av den fargerikdomen turismen er prega av.
Her er nokre sitat frå utstillinga, henta frå gamle reiseskildringar:
The farmers have as wild manners as appearance.
Bøndene har like ville manerar som utsjånad.
Robert Bremner, Excursions, London 1840.
The Haringer are in many respects the finer race, possibly owing to the fact that they have had less intercource with the outside world.
Hardingane er på mange vis den finare rase, mogleg fordi dei har hatt mindre omgang med omverda.
A. F. Mockler-Ferryman, In the Northman’s Land. London 1896.
Kunstnarar frå Europa var fascinerte av fossane. Her er Tyssestrengene foreviga av britiske Sydney Hart.
Foto: Kraftmuseet arkiv
Campinglivet var særs populært på 1960- og 70-talet. Foto: Kraftmuseet arkiv
Keisar Wilhelm 2. sitt toalett. Frå utstillinga "Vegen til Trolltunga". Foto: Anne Gravdal, Kraftmuseet
Synleggjering av auken i turistar som ville gå den lange turen til Trolltunga. Foto: Anne Gravdal, Kraftmuseet