Dette er ei frodig historie om framsynthet, hardt arbeid, trange kår, klasseskilje og trua på framtida.
Du møter menneske - rallaren, anleggskokka, ingeniøren, direktøren. Gjennom desse blir historia formidla på ein folkeleg måte. Utstillinga fyller to rom i hovudetasjen i museumsbygget i Tyssedal. Her er foto og gjenstandar, og noko tekst. Den majestetiske Ringedalsdammen reiser seg i utstillingsrommet, og gamle, ærverdige Hotel Hardanger er gjenoppført i modellform.
Velkomen til eit spanande møte med eit norsk industrieventyr.
Utstillinga har tekstar på engelsk og tysk.
NB! Sesongen 2020 er utstillinga stengd grunna Koronasituasjonen.
Bondejenta, rallaren og funksjonæren i utstillinga i Naustbakken 7. Foto: Harald Hognerud, Kraftmuseet
Industrihistorisk utstilling. Foto: Harald Hognerud