Kraftmuseet

Velg språk

  • no_NO
  • en_GB
  • de_DE

Søk

Du er her:

Knud Knudsen-foto i fargar

Vanlegvis ser vi Knud Knudsens fotografi i svart-kvitt. I denne utstillinga kunne du få sjå dei i fargar!

Knud Knudsen (1832 - 1915)

Knud Knudsen var mellom pionérane i norsk fotografi på 1800-talet. Han skapte dei første fotodokumentariske seriane av arbeidsliv og folkeliv og  tok tusenvis av landskapsfoto frå store deler av Noreg. Som fotograf var Knudsen ein stilskapar. Han fekk mange prisar og er kjend både nasjonalt og internasjonalt.

Knud Knudsen var født i Odda i 1832. I 2015 er det 100 år sidan Knud Knudsen døydde. Ut frå den posisjonen fotografen Knud Knudsen har nasjonalt og internasjonalt, er det grunn til å hylla personen ved ei hundreårsmarkering. Odda kommune, Norsk Vasskraft- og Industristadmuseum med fleire samarbeider om markeringar i 2015. 

Arkivet etter Knudsen tel mange tusen fotografi og er med på  UNESCO-lista over Norges dokumentarv. Billedsamlingen ved Universitetsbiblioteket i Bergen oppbevarer og formidlar Knudsen-arkivet. Du kan sjå Knudsen-foto og finna informasjon på marcus.uib.no.

 Fotografen Arvid Aga har fargelagt fleire Knudsenmotiv frå Odda som du no kan sjå med nye "briller" på museet i Tyssedal.

 

Den kjende fotografen Knud Knudsen fotograferte i svart kvitt negativ på glasplater. Frå 1890-talet var det vanleg å fargelegga kopiar av foto, særleg postkortmotiv retta mot turistmarknaden. Men Knud Knudsen sine firma kolorerte ikkje bileta. Fargelegging av svart kvitt foto er omdiskutert. Knudsen sine foto er å rekna som åndsverk. Men sidan dei vart publiserte for meir enn 70 år sidan, er vernetida ute og dei er "falt i det fri".

Fotografen Arvid Aga har fargelagt mange av Knudsenbileta frå Odda-området. Aga har stor respekt for arven etter Knud Knudsen, men han er fascinert av alle detaljane som trer fram når eit motiv vert fargelagt. Aga har bruka digital teknikk for å kolorera motiva.

 

Dermed kan vi sjå dei kjende bileta med nye ”briller”. Og det er verkeleg fascinerande og interessante detaljer som trer fram. Ein kan bli røyrd av andleta og uttrykkja som plutseleg vert synlege.

 

 

 

Knud Knudsen utstilling 2015

 

Arvid Aga har kolorert motiva ut frå erfaring med å tolka nyansane i gråtonane i bileta. I tillegg har han bruka eigen fantasi. Så om det første store Hotel Hardanger i Odda var grønt, slik han trur, eller om det var  okergult, veit vi ikkje. – Kva trur du?

 

Odda ca. 1880 - Knud Knudsen foto kolorert av Arvid Aga

 

 

 

 

Her kan du sjå eit utdrag av Knud Knudsen sine foto

Venn tipset!

Din venn har blitt sendt en e-post om denne artikkelen.

Kraftmuseet

Norsk vasskraft- og industristadmuseum


Naustbakken 7, 5770 Tyssedal
Telefon: 53 65 00 50
post@kraftmuseet.no