Foto og frukt, fonn og fjord
Fotografen Knud Knudsen (1832 - 1915), - gjerne omtala som skaparen av "det norske bildet", var like mykje odding som bergensar. Han etablerte atelier og fotofirma i Bergen, tok bilete over heile landet og blir rekna som den største landskapsfotografen i Noreg på 1800-talet.
Steinen på Tokheim. Foto: Knud Knudsen
Odding og bergensar
Knud Knudsen var fødd i Kremargarden i Odda. Sidan flytta familien til Tokheim der Knudsen vart svært opptatt av forsking innan fruktdyrking og dreiv planteskule.
På Tokheim tok han og i mot keisar Wilhelm den 2. av Tyskland, såvel som "bygjester" og andre interesserte som kom for å nyta landskapet og utveksla kunnskap om fruktdyrking. Huset og hagen kalla naboane "byhuset" og "byhagen". Lysthus og utsiktsplass hadde han og.
Heidersplass
Jan Reidar Tokheim eig i dag garden der den kjende fotopionéren først fekk sin urnestad. Sidan er urna og minnetavla flytta til gravplassen på Berjaflot. Men Jan Reidar har i samarbeid med Billedsamlingen i Bergen og Kulturfondet i Odda kommune laga ei fotoutstilling på Mjøstølen med "ubegrensa opningstid".
Gå turen i Knudsens nære landskap. Start frå Egne Hjem og gå opp til Kolasteinen/Storesteinen på Tokheim om du kan.
Ordførar Gard Folkvord opna utstillinga den 26. mai 2010. Foto: Harald Hognerud, Kraftmuseet
Odda har ein fantastisk "arv" etter Knud Knudsen.
Fotoarkivet etter Knudsen og mykje informasjon finn du ved Billedsamlingen, Universitetsbiblioteket i Bergen.
Tekst: B. Jordal, 2010.