Kraftmuseet

Velg språk

  • no_NO
  • en_GB
  • de_DE

Søk

Foss

Kva rolle spelar vatnet for velstandssamfunnet? Kva verdi har urørte fossar? Kvifor er ENØK viktig? "Fossegrimen" er gjennomgangsfiguren i utstillinga "Foss" på Kraftmuseet, som fokuserer på menneska sitt forhold til vatn og vassdrag gjennom tidene. 

Vatn er blant verdas viktigaste naturressursar. I Noreg er rennande vatn den viktigaste kraftkjelde, men er grensa for utbygging av vassdrag snart nådd? Eller må ein fortsetje å byggje ut slik at ein unngår tider med tomme magasiner og høge straumpriser? Vi gir ingen svar, dei må du finne sjølv.

 Tyssestrengene i Ringedalen

Tyssestrengene i Ringedalen. Foto: Harald Hogerud, Kraftmuseet

 

 

Vill natur og vatn har alltid vore ei kjelde til rekreasjon og inspirasjon. På 1800-talet måla romantikarane ”det Norske Landskap”, med bratte fjell og rennande vatn, og det seiast at Myllarguten lærde å spela hardingfele av Fossegrimen.

 

Utstillinga er utarbeidd gjennom eit nært samarbeid mellom Kraftmuseet og Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE), som ein del av NVEs museumsordning 

Venn tipset!

Din venn har blitt sendt en e-post om denne artikkelen.

Kraftmuseet

Norsk vasskraft- og industristadmuseum


Naustbakken 7, 5770 Tyssedal
Telefon: 53 65 00 50
post@kraftmuseet.no