Kraftmuseet ønsker med utstillingane å formidla kunnskap, skapa opplevingar for, og kommunisera med publikum. Dette er ei form for formidling som framleis er viktig i vår digitale kvardag. Kraftmuseet si hovudutstilling er kraftstasjonen med sin arkitekturhistoriske utsjånad som viser kva verdiar ei utbygging av denne storleik la vekt på den tid den vart bygd.
Bygget har ein inntakt turbinhall med ekte historiske installasjonar som synleggjer arbeidet ingenørar, elektrikarar og arbeidsfolk utførte. Den digitale kvardagen har vist si betydning under Korona-pandemien, og virtuelle utstillingar har blitt moglege med 3D fotografering. Sjølve opplevinga kjem likevel når ein står i den majestetiske turbinhallen og kjenner på atmosfæren og ser storleiken på maskineriet. Dette kan ein ikkje fullt ut erstatta med eit virtuelt besøk.
Kraftmuseet har, og har alltid hatt, fleire faste og skiftande utstillingar opp gjennom åra. Utstillingar som viser bondesamfunnet, industrialiseringa, vasskrafta, menneska i samfunnet og den moderne tid. Her eit lite utdrag frå utstillingar som har vore og framleis er å sjå på Kraftmuseet.
Kraftstasjonen Tysso 1, med sine enorme aggregat i ei estetisk flott ramme. Foto: Harald Hognerud, Kraftmuseet