Målet er å byggje opp samlingar som kan dokumentera utvikling og endringar knytt til prosessindustri og vasskraftproduksjon. Vi set dette i eit nasjonalt og internasjonalt perspektiv. Museet har varierte samlingar, både med omsyn til media og innhald. Her er privatarkiv, foto, filmar, intervju, gjenstandar, artiklar og bøker. Vi dokumenterer både teknisk utvikling knytt til prosessindustri og vasskraftutbygging, og forhold som gjeld mennesket i lokalsamfunnet. Ta kontakt på telefon, brev, e-post eller på Facebooksida vår, eller kom innom om du har spørsmål om samlingane.
Siri Jordal, samlingsansvarleg på Kraftmuseet. Foto: Harald Hognerud Kraftmuseet
Arkivsamlinga omfattar materiale frå organisasjonar, einskildpersonar og bedrifter. Kraftmuseet sitt biblioteket er ei samling med artiklar, bøker og andre media om tema museet arbeider med, som t.d. vasskrafthistorie og lokalsamfunn.
Fotosamlinga er bygd opp av både enkeltfoto og seriar. Kraftmuseet har foto frå privatpersonar, eldre fotosamlingar frå dei store lokale bedriftene og nye seriar frå eige arbeid. Knud Knudsen-samlinga som tilhøyrer Odda Bibliotek er også oppbevart og tilgjengeleg på Kraftmuseet. Museet bygger opp seriar med foto- og video-dokumentasjon frå restaureringsprosjektet i Tysso I-anlegget, Odda Smelteverk, Tyssedal og Skjeggedal med vidare.
Filmar med lokal tilknyting eller lokalt opphav blir samla og er dels digitaliserte.
Kraftmuseet har også ei omfattande samling av livsløps- og temaintervju. Mange intervju er skrivne ut i tekst, men er ikkje søkbare på tema.
Gjenstandssamlinga er hovudsakleg knytt til hushald og arbeidarbustadane, samt kraftstasjonen Tysso 1.
Fanesamlinga inneheld alle typar faner frå lokale skular og det varierte organisasjonslivet.