Frå 1920 hadde det vore krisetider i Odda. Oddafabrikkane var slått konkurs, det var stor arbeidsløyse og AS Tyssefaldene stod att med lite eller ingen inntekter for sal av kraft.
Kommunen sine talsmenn reiste til Oslo i møte med regjering og Storting, mellom anna òg med ein generaldirektør med namn Louis Hauzeur. Ved eit slumpetreff hadde far til Louis, den belgiske industrielle direktøren Jules van der Heyden a Hauzeur, kome over eit steinbrot under eit besøk i Spania. Steinbrotet viste seg å ha store funn av zinkmineralet calamine som inneheld omlag 50 prosent zink. Hauzeur sitt firma Asturiana de Minas, (seinare Compagnie royale asturienne des Mines), fekk hand om rettane til steinbrotet.
65 år seinare var sonen Louis direktør for selskapet, og dei hadde bestemt seg for at det var på tide å utvida internasjonalt.
Då Hauzeur tilsette ein ny sekretær med namn Maurice Caron, fekk han kjennskap til tilhøva i Odda og kva kraftressursar som låg i fjella der. Caron hadde arbeidd hos DNN Aluminium i Tyssedal og hadde trivest godt i Odda. I Norge hadde Caron òg fått god kjennskap til Filip Tharaldsen si metode for zinkframstilling med elektrisk energi.
Sommaren 1922 reiste generaldirektør Hauzeur til Odda for sjølv å sjå denne staden som Caron meinte kunne passa til ei utviding av zinkproduksjonen. Det var ein særs varm sommar, og leiinga i AS Tyssefaldene var redd for at den potensielle kraftkjøparen kunne få eit heteslag på vegen til Skjeggedal før han skulle skriva under avtalepapira. Så dei bestemte seg for å opna slusene i Ringedalsdammen for at generaldirektøren kunne få nyta synet av dei utemma og imponerande fossekreftene, samstundes som han vart litt avkjølt.
Hauzeur var begeistra, men trong likevel eit bevis på kva krefter som var bak vatnet. Maurice Caron hadde ein del norske vener, mellom anna hadde han kontaktar i det tekniske konsulentfirmaet Christian Fredrik Grøner. Dei rådde Tyssefaldene til å leggja grove kablar frå kraftverket og ut i Sørfjorden. Kablane vart festa til store kopparplater. Straumen kunne sendast gjennom det salta sjøvatnet og attende til kraftverket der instrumenta tydeleg synte Hauzeur at Tyssefaldene sine maskiner kunne produsera 100 000 friske hestekrefter. Hauzeur skreiv etter denne framsyninga under på avtalane med Tyssefaldene, og den13.desember 1922 teikna Asturienne under ein avtale med ingeniør Tharaldsen. No hadde dei fått både gode kraftressursar og viktige patentar på moderne zinkproduksjon.
Oddingane hadde følgt spent med på forhandlingane, og hadde håpa at det nye selskapet skulle ta over alt som stod stille. Men slik vart det ikkje. Compagnie Royale Asturienne des Mines underteikna ein avtale på berre 20 000 hestekrefter og leigde eit nedlagt legeringsverk i Tyssedal. Verket som på folkemunne heitte "Hardanger elendige Jern og Slaggverk" var opprinneleg eit jern- og stålverk bygd i 1910. I Tyssedal hadde også eit anna legeringsverk hatt sin korte industriperiode, eit nytt Zink-verk skapte ingen entusiasme.
Kommunistpartiet i Odda var imot det heile, og kom med denne uttalen:
"Det er sagt at Odda's økonomiske liv er grunnlagt i industrien, det kan ingen benekte. Men går nå både kraftverket og fabrikkene over til Zinksyndikatet så er dermed Odda's skjebne lagt i hendene på noen få pengematadorer, bosatt i dette eller hint utland, hvor det måtte behage dem å oppslå sitt hovedkontor. Dette bør ikke skje! Odda må kunne reddes ut av vanskelighetene på en annen måte. Statsmyndighetene må kunne finne en annen løsning på dette spørsmål, og inntil så skjer må staten på en rimelig måte hjelpe Odda.
Medan Sjøfartstidene trudde "at fohandlingene som det belgiske selskapet fører med Odda-selskapet og de interesserte banker, vil lede til at også carbid og cyanamidfabrikkene vil komme i gang igjen".
Den 11. februar 1924 stifta Asturienne Det Norske Zinkkompani AS.
Ingeniørar frå Norzink på synfaring på Eitrheimsneset i 1926. Foto: Nathalie Lubowidsky, Kraftmuseet arkiv
Oddingane fekk ikkje nyhenda før den 10. mai 1924 då dei kunne lesa i avisene:
AS Det Norske Zinkkompani skal fabrikere og selge elektriske, metalurgiske og kjemiske varer og vil bygge eller leie fabrikker. Kontoret er i Tyssedal. Aksjekapitalen er to millioner kroner. Styret er advokat Gamborg, Kristiania, Gustav Brusgaard, Paris og Francis Lecouevre, Paris med varamann Joseph Habig, Tyssedal.
Det vart sett i gang prøvedrift i halvteknisk skala i det tidlegare legeringsverket i Tyssedal. Arbeidshøva var vanskelege og det oppstod betydelege tekniske problem og mange ulukker.
Patentane til Tharaldsen var ingen suksess i Tyssedal. Etter eitt år med prøveproduksjon etter den elektrotermiske metoden, som til saman gav 4000 tonn zink, vart anlegget i Tyssedal rive. Men selskapet såg framover. Den 24.11.1924 tok Zinkkompaniet over eigedomar på Eitrheimsneset som AS Tyssefaldene hadde kjøpt av Jakob Haldorsen Eitrheim i 1911. I januar 1925 jobba over 100 mann med bygginga på neset. Anleggsarbeidet vart stoppa allereie same året. Planlegginga hadde vore for dårleg. Fagfolka kom etterkvart fram til at den beste måten å produsera zink på, ville vera den elektrolytiske måten.
Transport av pumpa for ferskvatn på Eitrheimsneset i november 1926. Foto: Kraftmuseet arkiv
Anleggsarbeidet starta opp att i 1927. Trass i ein streik innan bygningsfaget sommaren 1928, gjekk arbeidet med zink-fabrikken utan større problem. I januar 1929 arbeidde heile 920 mann på anlegget Eitrheimsneset. 670 arbeidde for Zinken, resten hos entreprenørane. Men det vart raskt starta ei rasjonalisering, mange vart sagt opp. Då fabrikken kom i drift, trong ein berre 300 mann. Folk forbanna moderniseringa og råstoffmangelen som førte til oppseiingar og stans i produksjon.
Som ei fylgje av verdas finanskrise i 1930-åra, måtte fabrikkane i Odda seie opp mange arbeidarar. Men Zinken klarte å koma seg gjennom den vanskelege tida med full utnytting av krafttilgang, og verket sin kapasitet. Zinkkvaliteten var god, noko som vitna om stor dyktigheit frå arbeidarar og leiing.
Elektrolyseprosessen er ømtåleg, set store krav til den kjemiske rensinga, og krev nøye kontroll på alle trinn. Det kjemiske laboratoriet på Zinken hadde heile tida ein sentral plass, og dyktige kjemikarar utvikla metodar og analyseteknikkar som framleis vert nytta.
Det var ei stor utfordring at ein ikkje makta å løysa ut meir enn 85 til 90 prosent av zinkinnhaldet i konsentrata. Resten av zinken var festa til jern i såkalla ferriter. Eit avfall som kunne innehalda opp til 500 tonn zink i året. Ein håpa at framtidig teknologi ein gong skulle makta å utvinna zinken frå jernet, difor valde ein å lagra avfallet innst i Eitrheimsvågen.
Den tidlegare så idylliske fiske- og badeplassen vart raskt forvandla til ei brun-raud sørpe - avfallsplass. Det skulle ta nesten femti år før ein utvikla ei rimeleg løysing på problemet.
Forureining frå Zinken i Eitrheimsvågen. Foto: Kraftmuseet arkiv
Då andre verdskrig braut ut, vart det brudd på samarbeidet med leiinga i Asturienne og dei oversjøiske malmleverandørane. Produksjonen måtte no basera seg på dei beskjedne mengdene malm norske gruver kunne levera. Zinkfabrikken makta likevel å halda folk i arbeid. Alle dei tre Oddabedriftene vart sett under tysk forvalting, men klarte å sysselsetta så mange arbeidarar som mogleg, sjølv om det ikkje alltid var naudsynt. Dette vart gjort for at dei som ikkje hadde arbeid måtte gå i krigsteneste hos tyskarane.
Den tyske Reichskommisar für die besetzten Norwegischen Gebiete, Josef Terboven, på synfaring på Eitrheimsneset under 2. verdskrig. Foto: Kraftmuseet arkiv
Då tilførselen av malm vart for liten, måtte Zinken stoppa produksjonen i september 1940. Det vart då sett i gang utearbeid for 250 mann. Norsk malm gjorde at ein snart kunne ta opp att produksjonen, men det var eit finansielt utarma og teknisk tilbakeståande anlegg i forfall som møtte fredsdagane i 1945.
I juli 1945 vart dei første kontraktane mellom Zinken og malmleverandøren, Boliden Gruveaktiebolag i Sverige, underteikna. Zinkkonsentrat vart no jamnleg sendt frå Boliden i Sverige til Det Norske Zinkkompani på Eitrheimsneset.
1950-åra vart på mange måtar ein gylden periode for selskapet. Fornying, rasjonalisering og modernisering prega arbeidet ved bedrifta. Gode konjunkturar og tilfredsstillande inntekter danna ei solid ryggrad. Leiinga såg framtida positivt i møte.
På 1960-talet auka behovet for straum, og dei gamle planane med å ytterlegare byggja ut Tysso -vassdraget vart tekne fram att. Ny konsesjon vart gitt, dei tre Odda-bedriftane stod for finansieringa mot at staten knytta det nye kraftverket til samkøyringsnettet og produserte 50Hz straum. ZInken, Smelteverket og DNN aluminium kunne ta imot den første krafta frå Tysso II i 1967.
Før det, hadde Asturienne i 1965 valt å selja halvparten av sine aksjar i Zinkkompaniet til Boliden. Zinken hadde no tilgang på gode og varige råvarer, og Boliden la vekk sine planar om eit eige zinkverk i Sverige.
Fluoridfabrikken på Eitrheimsneset på 1960-talet. Foto: Kraftmuseet arkiv
Då Miljøverndepartementet vart oppretta i 1972, måtte bedriftane sjå meir på bevaring av miljøet. Dette hadde dei tidlegare ikkje prioritert. Frå Zinken hadde avgassar frå røsteanlegget og svovelproduksjonen skada vegetasjonen i området rundt fabrikken. Støv frå den ferdigrøsta zinkmalmen og avfall frå lutinga forurensa jordsmonnet rundt verket. Frukthagane som tidlegare hadde blomstra på Eitrheim vart øydelagde. I 1960 gjekk gardbrukarane på Eitrheim og Tokheim til rettsak mot bedriften. Etter ei lengre rettsak vart det avgitt ein dom der Zinken vart pålagt å betala bøndene i overkant av 100 000 kroner pluss eit årleg beløp fram til 2006.
Men det er forureininga i fjorden som har skapt dei største miljøproblema. I byrjinga vart det akseptert som riktig og forsvarleg å dumpa dei metallurgiske avfallsstoffa frå prosessindustrien i Sørfjorden.Ein trudde at dei store vassmassane som vart tilførd Sørfjorden ville vera ei tilstrekkeleg fortynning av stoffa. Målingar i 1972 konstaterte at innhaldet av kvikksølv i fisken i Sørfjorden hadde auka kraftig og myndigheitene anbefala at ein ikkje åt for mykje av den lokale fisken. I tillegg vart det slept ut svovelsyra, fluor og teknisk jarositt. Jarositten inneheld tungmetall som jern, sulfat, bly, kobbar, kadmium, sølv og zink.
I 1986 vart dei første fjellhallane sprengt ut i fjellet nord for Eitrheimsneset, der Zinken skulle deponera reststoffer. I 2019 var fjellhall nummer 20 ferdig. Samstundes planlegg Boliden å auka produksjonen i Odda betrakteleg dei neste åra. Det ser ut til å verta ei "Skinande metallisk framtid" for Boliden og Odda, for å sei det med eit uttrykk vi har lånt frå Kjartan Fløgstad sin forfattarskap.
Zink: Zink finst naturleg i miljøet. Dei fleste steinsortar inneheld zink i forskjellige mengder, og zink finst naturleg i luft, vatn og jord. Grunna vêr og erosjon av stein, jord og avleiringar, saman med vulkansk aktivitet og skogsbrannar, vert zink transportert naturleg rundt i naturen. Til prosessindustrien kjem zink som malm frå gruvene i form av eit konsentrat. Dette konsentratet inneheld ca. 50% zink, og ca. 30 % svovel, medan resten er jern, bly, kadmium, koppar o.a. Konsentratet vert opparbeidd til zink i fire hovudprosessar. Røsting: Konsentratet vert brent ved ca. 950oC med rikeleg tilgang på luft. Slik vert svovel omdanna til svoveldioksyd som vert tilført ytterlegare oksygen og vatn og det vert danna svovelsyre. Zinken i konsentratet vert omdanna til oksyd, noko som og skjer med dei andre metalla. Oksydblandinga vert kalla calsine. Lutning - rensing: Calsinen vert løyst opp i svovelsyra slik at ein får ei oppløysing av zinksulfat. Dei andre metalla vert fjerna frå oppløysinga. Elektrolyse: Zinken vert felt ut som metall på katodane i elektrolysecellene. Etter eit døger med utfelling vert zinken "strippa" - skrelt - frå katodeplatene, som er 3mm tjukke. Under elektrolysen blir dei positive ionane (kationane) reduserte med at dei tek opp elektronar frå den negative elektroden (katoden). Samstundes blir dei negative ionanen (anionane) oksidert med at dei gjev frå seg elektronar med den positive elektroden (anoden). Kjelde: Store norske leksikon Utstøyping: Zinkplatene frå elektrolysen, kalla katodeplater, vert til sist sortert etter kvalitet, smelta og støypt ut i blokker.
Bruk av zink: Som korrosjonsbeskyttelse ved galvanisering av jern og stål. Zinkkvitt til pigment blir bruka i maling, bilgummi, plast, glass, porselen, medisinar. Zinklegeringar til leikebilar (t.d.Matchbox). Plater til fasadar og tak.
Du kan lese meir på Store Norske Leksikon |
Kjelde: Utdrag frå boka "Den klareste flammen i "ildens by" 1924-1984 - ei jubileumsbok frå Norzink AS Odda". Redaktør Svein-Yngve Madssen
Aktieselskabet Tyssefaldene 1906-1956
Industrimuseum.no