Kraftmuseet

Velg språk

  • no_NO
  • en_GB
  • de_DE

Søk

Du er her:

Kunstgjødsel

Kring 1900-talet var ein redd for at verda stod framfor ei matkatastrofe. Jorda ga for lite grøde til å metta den stadig vaksande folkemengda. Bekymringane vokste.

Den tyske kjemikaren, professor Justus von Liebig (1803-1873), er rekna som far for landbrukskjemien. Han slo fast at det er visse grunnstoff jorda må tilførast om ho skal kunna gjeva avlingar i lenger tid, nemleg kvelstoff, kalium og fosfat. I det primitive jordbruket får ho det gjennom naturhevd, men i det moderne jordbruket rekk ikkje den til.

 

Det lukkast von Liebig å gjera superfosfaten oppløyseleg i vatn med svovelsyre, og i 1857 tok dei til å nytta ut dei veldige kaliumfelta ved Strassfurt i Sachsen til kunstgjødsel. I Chile hadde dei oppdaga store salpeterlag til same nytten, men dei ville vera oppbrukte på 30-40 år.

Om ein ikkje oppdaga nye kvelstoffkjelder kunne ein stå framfor ei matkatastrofe.

 

Kvelstoff er det grunnstoffet vi har mest av, sidan 80% av lufta er kvelstoff. Men det er berre nokre få planter som kan absorbera det rett frå lufta. Problemet var difor å finna eit oppløyseleg stoff som kunne binda kvelstoff og på denne måten tilføra jorda dette verdfulle næringsemnet.

 

Den engelske naturforskaren Henry Cavendish (1731-1810) hadde konstatert at elektriske gneistar som slår gjennom lufta skapar nitrøse gassar. På grunn av denne oppdaginga lukkast det amerikanske forskarar å framstella salpeterhaldig gjødsel på teknisk rett måte. Men det var Birkeland-Eydes ljosbogemetode som løyste problemet praktisk i 1905 og gjorde Norsk Hydro sitt "Norgessalpeter" - som var namnet på kalksalpeteret/kalsiumnitratet -  til ein verdsartikkel.

 

Parallelt med dette hadde tyskarane dr. Adolph Frank og kjemikar Nikodem Caro oppdaga at teknisk karbid tek opp kvelstoff, og i 1895 lukkast det den tyske professor Carl von Linde å framstilla reint kvelstoff av luft som vart destillert  under eit par hundre atmosfærers trykk. Ved oppvarming til 1000° C i ein elektrisk omn tek karbiden opp kvelstoffet, og ein får produktet kalsiumcyanamid eller kalkkvelstoff som løyser seg opp i fuktig jord og tilfører jorda kvelstoff.

 

Verdas karbidindustri var i ei krise ved hundreårsskiftet, og dr. Albert Petersson var i kontakt med patentselskapet som hadde eineretten til den Frank-Caro'ske cyanamidprosessen då han planla karbidfabrikken i Odda. Det vart samstundes avgjort at det skulle reisast ein cyanamidfabrikk med ein kapasitet på 12 000 tonn cyanamid årleg i Odda. Dette ville bli den største i Europa.

 

Cyanamidfabrikken på Odda Smelteverk Cyanamidefabrikken i Odda. Omnshuset med saksetaket i midten, siloen til høgre. Foto: Kraftmuseet arkiv

 

 

Alby United Carbide Factories hadde allereie konsesjon på karbidfabrikken og melde no at dei ville utvida den til å driva ein cyanamidfabrikk i Odda. Men då patentet tilhøyrde engelske, tyske og italienske interesser, var det påkravd at det vart skipa eit serskilt selskap; The North Western Cyanamide Company Ltd., som fekk seg overlate byggegrunn og kraft Alby United hadde leigd av AS Tyssefaldene. Selskapet vart skipa med ein kapital på 120 000 pund og hadde hovudsete i London. Mr. Alfred Barton var formann i direksjonen og dr. Albert Petersson vart teknisk leiar både av karbid- og cyanamidfabrikken. Selskapet kom inn under konsesjonslova, og konsesjon vart gjeven 25. januar 1908, med vilkåra om at selskapet skulle bruka norske funksjonærar og arbeidarar, og mest mogeleg norsk materiell.

 

Første byggetrinnet på Cyanamidfabrikken omfatta:

1. Kvelstoffanlegget (Lindehuset)

2. Omnshuset med 196 cyanamidomnar

3. Karbidknnuseriet

4. Cyanamidknuseriet

5. Silo for 10 000 tonn cyanamid

6. Pakkehus for sekkefylling.

 

Cyanamidproduksjonen tok til i april 1909 og hadde i fyrstninga ein del uhell med fleire eksplosjonar. Det var eit under at ikkje nokon kom til skade. Etter ein del startvanskar òg når det kom til sal av produktet, noko som førde til ei vidareutvikling, gjekk fabrikken bra. Cyanamidproduksjonen vart auka, slik at det vart naudsynt med meir karbid og meir kraft frå AS Tyssefaldene. Karbidfabrikken måtte byggja nytt omnshus med 6 omnar og eit karbidsomnshus med 10 nye omnar. Cyanamidfabrikken utvida sitt omnshus til 604 omnar og eit silobygg for 35 000 tonn cyanamid vart reist.

Det var no ei stigande spenning i Europa, og kappvæpninga var i full gang. Den tyske kjemikaren Wilhelm Ostwald hadde oppfunne ein prosess til å framstilla salpetersyre av ammoniakk der det billegaste råstoffet var kalkkvelstoff. Ein stor del av salpeteren gjekk no til ammunisjonsfabrikkane. Mr. Barton sikra seg eineretten til professor Ostwalds oppfinning for heile verda, og fekk med seg dei store britiske ammunisjonsfabrikantane og våpensmedane i å skipa selskapet Nitrogen & Cabide Cyanamide Ltd.

Cyanamidfabrikken i Odda gjekk også inn i selskapet. Mr. Barton hadde høgflygande planar om å sikra seg verdsherredøme over kalkkvelstoffproduksjonen.

 

Under 1.verdskrigen gjekk fabrikkane i Odda for fullt. Men då krigen var slutt ramla heile det store korthuset til Mr. Barton saman. Sjølv reiste han frå det heile, og det vert sagt at han enda som hotellvert ein eller annan stad i Sør-Amerika.

 

På fabrikkane i Odda utvikla Erling B. Johnson den såkalla Oddaprosessen i åra 1927-28. Prosessen er lite kjend i Norge, men godt innarbeidd internasjonalt som viktig i samband med produksjon av kunstgjødsel.

Oddaprosessen var ein revolusjonerande måte å produsera fullgjødsel på.

 

 

Odda brukte postkort med kjempegrønnsaker til å reklamera for kunstgjødselet. 

 

 

Kjelder:  Odda, Ullensvang og Kinsarvik i gamal og ny tid. Ei bygdesoga av Olav Kolltveit

              Store norske leksikon

 

 

Venn tipset!

Din venn har blitt sendt en e-post om denne artikkelen.

Kraftmuseet

Norsk vasskraft- og industristadmuseum


Naustbakken 7, 5770 Tyssedal
Telefon: 53 65 00 50
post@kraftmuseet.no