Kraftmuseet

Velg språk

  • no_NO
  • en_GB
  • de_DE

Søk

Du er her:

Industrien i krigsåra

Oddafabrikkane gjekk godt heilt frå starten i 1908 og fram mot 1914 då skota i Sarajevo utløyste den fyrste verdskrigen.

Sentralbadet, portbyggene, gamleskolen i 1908

Anleggstid ved Alby United Carbide Factories AS, AS North Western Cyanamide Company i 1907. To kontorbygg er ferdige ved Røldalsvegen og litt framfor dei er teglsteinsbygget for smie / verkstad for karbidfabrikken (seinare sentralbadet) reist. Bygging av arbeidarbustadar på Bakke starta litt seinare på året. Grunnarbeidet for Cyanamidfabrikken er kome i gang. Foto: Kraftmuseet arkiv

 

 

 

Då det fyrste produksjonsanlegget ved smelteverket i Odda var ferdig i 1908, kom ei ny tid med kontinuerleg skiftarbeid. Omnane skulle produsera heile døgeret, helg som kvardag. Oddingar og tilflyttarar fekk fast arbeid på dagen, og strøymde til Odda. Skatteinntektene auka og gav Odda evne til å byggja ut samfunnet til noko som likna på ein by.

 

Arbeidarar ved North Western Cyanamide Company i 1908

Arbeidarar ved North Western Cyanamide Company i 1908. Foto: Kraftmuseet arkiv

 

Oddafabrikkane var ferdig utbygde, til førkrigsprisar og med rikeleg tilgang på billeg kraft. Anlegget var det største i verda i sitt slag, så eigarane såg framtida ljost i møte. Dei hadde store planar, ikkje minst når det gjaldt framtida for cyanamidområdet. Verda ville få eit underskot på nitrogengjødning, og cyanamid var ein billeg erstatning.

 

Dei britiske eigarane av ”Alby United Carbide Factories Ltd.” og "North Western Cyanamide Company Ltd"  utvida heilt fram til 1914. Cyanamidfabrikken utvida til 80 000 tonn cyanamid, medan karbidfabrikken kom opp i 85 000 tonn karbid.

 

Direktør Alfred Ernest Barton tenkte truleg òg på at ein i den truande verdskrigen ville ha trong for kalsiumcyanamid til ammoniakk og vidare via salpetersyre å produsera sprengstoffet Ammoniumnitrat. Han var i gang med å byggja ein endå større fabrikk på Sunndalsøra, og alt såg lovande ut då skota falt i Sarajevo den 28. juni 1914. Det utløyste den fyrste verdskrigen tidleg i august 1914.

 

Då krigsutbrotet  var eit faktum, var det norske samfunnet lite budd. Livet i finansverda gjekk som normalt i eit par dagar, men snart kunne innverknaden på børsen merkast. Den 3. august braut panikken laus hjå folket, og i ein kort, hektisk periode var det sutelause tilværet snudd på hovudet. Panikken hadde ført til køar utanfor butikkar som selde kolonialvarer, kjøt, kol og bakverk, og ein del av desse var utseld for varer innan dagen var over. Samstundes heldt tendensen til prisvekst på matvarebørsen fram. Utanfor bankane var det òg køar, bankkundane tok ut innskota sine. Men panikken var i det store og heile over etter 8. august, og ein ny økonomisk periode i landet tok til.

 

Grunna haldninga til bankane klarte ikkje Oddafabrikkane å skaffa dei naudsynte midlane til å fortsetta. Dei stansa drifta den 4. august 1914 kl. 14. Den same kvelden reiste 450 personar med rutebåten frå Odda, og rundt 1000 innbyggarar forlot Odda i dei neste dagane. Men allereie i september kom fabrikkane i gang att, etter at statsmyndigheitene hadde sørga for at pengane kom på plass att.

 

No vart Oddafabrikkane sin lagnad uviss. Anlegga på Sunndalsøra stoppa og kom aldri i gang slik ein hadde sett det føre seg. Stansen ved Oddafabrikkane varte ikkje lenge, årsaka til dette kan ha vore at ein del av cyanamidproduksjonen gjekk til sprengstofføremål, men òg til matproduksjon medan krigen varte. 

 

Oddafabrikkane var ikkje dei einaste som såg nytteverdien i produksjon av cyanamid i krigsåra, ei rekke nye cyanamidfabrikkar vart etablerte rundt om i verda, og i 1919 kollapsa marknaden. Ei omfattande finanskrise sette inn med verknad på alle land. Fabrikkane i Odda hadde nok hatt krefter til å stå imot tilbakeslaget, men Mr. Barton og Albykonsernet hadde satsa på prosjekt som undergravde det finansielle grunnlaget for konsernet. Saman med den alminnelege depresjonen førte det til at ein kom på etterskot med betalinga på kraftleige, og fabrikkane måtte stenga produksjonen våren 1921. Nærare 1000 mann vart arbeidsledige. Dei som ikkje kunne reisa frå Odda fekk seg nødsarbeid på vegane i distriktet.  

 

Aksjene i Oddafabrikkane gjekk over til AS Tyssefaldene, som saman med Hafslund-Meraker skipa Odda Smelteverk AS i 1924. I 1937 vart aksjane selde til det britiske selskapet British Oxygen Company – BOC - i 1937.

 

 

 

 

Cyanamidfabrikken, kjølehus og transportband 1910-20

Bygget for transportbanen av karbid frå karbidfabrikkens kjølehus og opp til cyanamid- fabikkens karbidknuseri/-mølle til venstre i biletet. Transporten var tippvogner/vagger som gjekk på skinner og blei trukket av ein wire 

Foto: Kraftmuseet arkiv

 

 

 

Den andre verdskrigen 1939-45

Då den andre verdskrigen hadde herja i eitt år, gjekk livet framleis sin fredelege gang i Odda. Tyske fly flaug over byen, men ein stolte på at Norge skulle haldast utanfor. Om morgonen den 9. april vart heile landet nærast tatt på senga då tyskarane okkuperte Norge. 

Den 23. april kravde dei tyske flybombene menneskeliv i Odda. Ei overraskande terrorbombing trefte eit bolighus i Straumen og fire liv gjekk tapt.

 

Krig og fred i Odda

Opprydding etter bombinga av huset i Straumen i Odda i 1940. Foto: Kraftmuseet arkiv

 

Produksjonen på bedriftane stansa, kraft, lys og telefon forsvann for ei tid. Ein mangla råstoff og det var tungt å driva fabrikk når flyalarmen gjekk i eitt, dagstøtt. Direktør Bruce fekk garantiar frå Ortskommandanten om at det skulle verta slutt på flytrafikken over Odda, og råstoff skulle hentast frå Tyskland. Av omsyn til dei tilsette vart det sett i gang redusert drift den 17. mai 1940. 

 

Ein hadde rikeleg med elektrisk kraft i Odda i krigsåra, men det var vanskar med å få tak i råstoff. På Smelteverket sitt laboratorium gjekk ein i gang med framstilling av gjær for at bakeria kunne baka brød til folk. Seinare produserte laboratoriet òg kamuflasje- og blendingsmaling. I det tyskokkuperte Europa var det livsviktig at det vart produsert mat, og nitrogengjødning var eit middel til å gjera dette. Leiinga ved Odda Smelteverk AS fekk ordre om å produsera gjødningscyanamid for eksport til Danmark, Finnland og Nederland i tillegg til Norge. Fordelinga skjedde gjennom tyske Stickstoff-Syndikat GmbH i Berlin. Leilinga bestemte seg for å ikkje ha innvendingar mot dette, då det ikkje var krigsmateriell dei skulle produsera. Dei naudsynte råstoffa som kol og stålplater m.v. som kom frå Tyskland, ville redusera tyskarane sitt eige krigspotensial. Ein veit ikkje om dei britiske eigarane av smelteverket tenkte slik, men ei kjensgjerning er det at ingen inngåande kolbåtar og ingen utgåande cyanamidbåtar vart senka.

 

 

Granuleringsfabrikken der dei laga cyanamidstøvet om til finkorna gjødsel, måtte instilla drifta i 1940, då ein ikkje fekk tak i olje for tørking av produktet. Jutesekkane ein hadde brukt som emballasje på karbiden fram til no, var heller ikkje å få tak i. Dei gjekk over til å bruka papirsekkar, noko dei heldt fram med resten av tida på Smelteverket.

 

Bedriften overtok transformatorane og anna utstyr for ein trefaseomn som var bestilt av eigarselskapet BOC - British Oxygen Company. Bygginga av ein slik omn var sett på vent i krigsåra.

Transformatorane vart beordra selde av den tyske okkupasjonsmakta, og vart skipa til det tyske karbidverket Alexander Wacker-Werke i Burghausen. I 1945 stod dei framleis innpakka på verket, og vart kjøpt av Direktoratet for Fiendtlig Eiendom og sendt til fabrikanten i Oslo til revisjon. Seinare kom dei attende til Odda, der dei vart brukte på trefaseomn II i mange år.

 

Produksjonen av karbid var òg på eit minimum under krigen. Det vart pakka mindre mengder karbid til forsyning i Norge, m.a. for generatordrift av bilar. Danmark fekk òg ein del. Skipslastane som var tenkt til Storbritannia i dagane rett før okkupasjonen, vart fanga opp i Nordsjøen og skipa om til Hamburg.

 

Tyssefaldene godkjende "force majeur" i krigstida, slik at det berre vart betalt for krafta ein brukte, ikkje for kontraktkraft.

Den 17. august 1940 vedtok okkupasjonsmakta  at selskapet - som var britisk eigedom - vart sett under forvaltning. Forvaltar var dr. Robert Hegels frå Knapsack ved Köln. Styret fekk vera i sine stillingar men kunne ikkje handla på selskapet sine vegne så lenge det var under forvaltning. Dr. Hegels var fagmann på karbid- og cyanamidområdet, og ingen nazist. Han blanda seg særs lite i selskapet sine affærer.

 

 

I krigsåra var det mangel på det meste. Råstoff til produksjonen, arbeidsklede, såpe m.m. Det viktigaste var likevel maten. Bedriftene skaffa på ulike vis poteter, sild og annan fisk. Dette vart gitt til dei tilsette som eit "lån" som skulle avskrivast etter at krigen var slutt. Okkupantane hadde innført absolutt lønnsstopp, men bedriften gav dei tilsette "lån"og julegratiale.

 

 

Hos Det Norske Zinkkompaniet på Eitrheim vart produksjonen stansa i september 1940. Krigshandlingane førte til brot i sambandet med leiinga hos Asturienne og leverandørane av malm. No måtte produksjonen klare seg på dei beskjedne mengdene malm ein kunne få tak i frå norske gruver. 

 

Zinken var, som Smelteverket, sett på av tyskarane som fiendtleg eigedom, og vart sett under forvalting. Det var viktig å sysselsetta folk for å hindra at arbeidarane måtte gå i teneste for tyskarane. Leiinga på Zinken overtydde okkupasjonsmakta om at det var naudsynt å halda fram med dei same operasjonane sjøl om produksjonen var liten. Slik vart 250 mann satt til utearbeid og vedlikehald. Grunna den økonomiske ståa var det likevel eit teknisk forfallent og svekka anlegg som møtte fredsdagane i 1945.

 

Ein del av dei tilsette på Zinken var aktive i arbeidet med Heimefronten. Tyskarane freista infiltrera for å avdekkja motstandsarbeidet, og ein av angivarane som tok arbeid på Zinken viste ei uvanleg stor interesse for det illegale arbeidet. Nokon oppdaga heldigvis at han nytta eit falskt namn, og ein fekk tips om mannen frå motstandsrørsla i Bergen. Mannen vart kidnappa sendt med flyktningbåt til England der han vart satt i fangeleir til krigen var slutt.

 

Diverre vart nokre av motstandsrørsla sine aktive på Zinken arrestert og sendt til fangeleiren Grini. Ørnulf Slåttelid og Olav Prestegård var to tilsette som mista livet i kampen for fred.

 

Matvarestoda vart etterkvart så vanskeleg at alle dei tre bedriftene gjekk saman om å oppretta eit suppekjøkken. Stormsuppa vart eit kjærkome tilskot til ei knapp kaloriforsyning og vart snart populær. Dei tilsette ved Smelteverket fekk tildelt ei viss mengd cyanamid som dei kunne bruka til å byta til seg matvarer hos bøndene. Det var vanskeleg for bedriftene å få tak i råstoff, og vinteren 1941-42 skulle det verta endå vanskelegare. Dette vart den kaldaste vinteren på 50 år. Sørfjorden var islagt med tjukk, ugjennomtrengeleg is som strekte seg nesten 20 km utover fjorden. Båtane kunne ikkje ta seg inn til Odda, isen var 30-40 cm tjukk. Næraste hamn var Lofthus, der ein kunne få frakta dei mest naudsynte varene inn og ein liten del karbid ut med hjelp av lastebil. Mangelen på råstoff førte til driftsstans på Smelteverket frå 17. februar til 19. april 1942, då endeleg ein kollastar greidde å koma seg inn til Odda. Tyske isbrytarar hadde til då fånyttes forsøkt å laga råk i isen. 

 

 

Båt på veg inn Søfjorden i ei råk i isen 1942

Båt på veg inn Søfjorden i ei råk i isen 1942. Foto: Kraftmuseet arkiv

 

 

Saman med Elektrisitetsverket gav Tyssefaldene folk ei ekstra mengd krisestraum denne kalde vinteren. Året før hadde vore eit vassfattig år, med berre 60% tilsig. Grunna liten produksjon på bedriftene, hadde Tyssefaldene likevel nok.

 

Nordag

Nordag var eit føretak som gjorde seg gjeldande på industristadane i det okkuperte Norge, òg i Odda. Nordag - Nordische Aluminium Aktiengesellschaft - skulle bygga aluminiumsindustri i område kontrollerte av Tyskland. Det tyske Luftwaffe trong aluminium til produksjonen av fly.

 

 

Krigsåra og industrien i Odda Nokre av dei mange brakkene på Eitrheim under bygginga av nordaganlegget. Foto: Kraftmuseet arkiv

 

 

Nordag anlegget på Eitrheim under 2. verdenskrig

Josef Terboven - Reichskommisar for det okkuperte Norge - på befaring på Nordaganlegget i Odda 1940.

Foto: Kraftmuseet arkiv 

 

På Eitrheimsneset i Odda vart Zinkfabrikken sett under forvalting av den tyske okkupasjonsmakta, og Nordag starta med å byggja ein elektrolysehall for aluminium. Tyskarane tok over eigedomsretten til gardane på Eitrheim, og over 200 dekar av den beste matjorda med tvang. Gardbrukarane fekk ikkje attende eigedomsretten før etter at saka hadde vore oppe i høgsteretten i 1954.

 

Okkupasjonsmakta tok opp forhandlingar med Tyssefaldene om utbygging av Tysso II i Skjeggedal for å ha tilgang til kraft. Tyssefaldene saboterte dette prosjektet med å driva uthalingstaktikk i forhandlingane. Vinteren 1941-42 sette tyskarane i gang med eigne utbyggingar, utan avtale med Tyssefaldene.

 

 

 

Krigsåra og industrien i Odda Tyske soldatar freistar trekkja kabel i vinterfjellet i Skjeggedal. Foto: Kraftmuseet arkiv

 

 

På Eitrheim og i Skjeggedal var det til tider 1000 mann i arbeid. Men alt arbeid vart stansa sommaren 1943, då tyskarane si krigslykke snudde. Det som hadde vorte bygd opp, vart skipa ut til Tyskland, og arbeidet på Tysso II skulle visa seg å ha liten eller ingen verdi i seinare utbyggingar.

 

Dei vanskelege krigsåra såg ut til å gå mot slutten i 1943-44. Det var mangel på alt, og tyskarane forsvann litt etter litt frå Odda. Det ser ein i arkiva til Smelteverket, der det er ført inn at ein funksjonærbustad som hadde vore rekvirert som residens for Ortskommandanten no vart gitt fri. Fleire rom i det store huset i Hovden vart frigjevne frå Wehrmacht si innkvartering. Ein funksjonærbustad på toppen av Tungebrekka var framleis beslaglagt som Gestapo sitt hovudkvarter.

 

Smelteverket sin produksjon av karbid var på eit minimum, og prisen myndigheitene hadde sett var så låg at fabrikken gjekk på eit tap på bortimot ein halv milion kroner.

Tilførselen av kol frå Tyskland tok no òg slutt, og drifta stansa av seg sjøl den 18. februar 1945. Alle som no vart ledige i produksjonen, vart sett til reparasjonar, vedlikehald og anna førefallande arbeid - m.a. riving av alt gammalt som skulle fjernast for ei kommande modernisering.

 

Fred

Då freden endeleg kom den 8. mai 1945, var gleda stor. Sommaren var varm og fin, og dei britiske styrkane hadde teke kommando over dei tyske soldatane som var att i Odda. 

Lønnene kunne no setjast opp. Det var viktig å halda dei tilsette i arbeid. Men krigen hadde ført til at britane hadde bygd seg eit eige karbidverk som no dekka deira behov. Odda sin hovudmarknad var å rekna som tapt. I november 1945 starta ein trefaseomnen att. Ein tok no sikte på sal av cyanamid til gjødning. Dette var det underskot på i det krigsherja Europa. Tyssefaldene AS tok etter kvart opp att planane med å bygga ut Tysso II i Skjeggedal, men det vart  ikkje ein realitet før på 1960-talet.

Industrien i Odda hadde klart seg gjennom krigsåra. Rett nok med store tap og manglande vedlikehald, men med eit livsviktig sosialt "sysselsettingsprogram" der alle bedriftene makta å halda arbeidsfolka sysselsatte med såkalla kamuflerte jobbar, som utearbeid eller vedlikehald. 

 

Ein hadde rikeleg med elektrisk kraft i Odda i krigsåra, men det var vanskar med å få tak i råstoff. På Smelteverket sitt laboratorium gjekk ein i gang med framstilling av gjær for at bakeria kunne baka brød til folk. Seinare produserte laboratoriet òg kamuflasje- og blendingsmaling.

 

12. november 1945 satte Smelteverket i gang att trefaseomnen med sikte på produksjon og sal av gjørdningscyanamid. I åra som kom vart fabrikkane moderniserte, og produksjon og sal tok seg opp att.

 

Smelteverksarbeidarar 1940-45 Smelteverksarbeidarane Osvald Davidsen, Bertram Adler Larsen og Sigurd Larsen i 1940-45. Foto: Kraftmuseet arkiv

 

 

 

Kjelder: Smeltedigelen - en industrisaga

             Anders Rokne: Odda Smelteverk A/S i 50 år

             Andreas Nybø: Sammensmeltingen - masteroppgave i historie 2008

             Gjermund Forfang Rongved: Første verdenskrig og etterkrigsboomen, 1914-1920. 

             Odda i Manns Minne 2016

            Svein Yngve Madssen: Norzink AS i Odda, Den klareste flamme i ildens by 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

Venn tipset!

Din venn har blitt sendt en e-post om denne artikkelen.

Kraftmuseet

Norsk vasskraft- og industristadmuseum


Naustbakken 7, 5770 Tyssedal
Telefon: 53 65 00 50
post@kraftmuseet.no