Kraftmuseet

Velg språk

  • no_NO
  • en_GB
  • de_DE

Søk

Du er her:

Harald Georg Rosengren (1878 – 1939)

Mange nordiske ingeniørar vandra over landegrensene i den perioden industrien var ny. Svenske Harald Rosengren hadde arbeidserfaring og utdanning frå Sverige og studerte ved Technikum Mittweida nær Dresden i Tyskland.

 

 

Då Albert Petersson kom til Odda i 1906 for å leia oppbygging og utvikling av Oddafabrikkane, kom han saman med sine næraste medarbeidarar frå Alby Carbidfabriks AB i Midt-Sverige. Trekløveret Petersson, Rosengren og Bruce var alt «varme i trøya» og «innkjørte» i rollane sine. Dei hadde bygt opp karbidfabrikkar både i Alby og Meraker i Trøndelag  då dei gjekk i gang med Alby United Carbide Factories i Odda. Vitnemål og attestar som Kraftmuseet har fått frå etterkomarane etter Harald Rosengren, viser at den unge Harald starta i Alby alt i 1899, 21 år gammal.

Harald Georg Rosengren

 

I ettertid kjenner vi best til direktørane Petersson og Bruce. Men Harald Rosengren var teknisk direktør ved Odda Smelteverk meir eller mindre til sin død og han tok del i lønnsforhandlingar og mekling ved konflikar. Rosengren vart også ein godt lika og svært aktiv mann i lokalsamfunnet i Odda, ikkje minst i Odda Skilag.

 

 

 

Harald Rosengren på ski med barn på ryggen

Harald Rosengren med dotter Anna Karin på skitur i 1919. Foto: Kraftmuseet arkiv

 

 

Oppvekst, utdanning og familie

Harald Georg Rosengren var født 29. oktober 1878 i Landskrona på vestkysten av Sverige.  Albert Petersson sine foreldre var onkel og tante til Harald Rosengren. Då begge Harald sine foreldre døydde då han var 14-15-år, vaks han opp i Petersson sin heim. Mødrene var systre og gutane var syskenbarn. Han vart då Albert sin fosterbror, men var åtte år yngre. Familiane vart rekna som velståande. Far til Albert, Johan Petersson, dreiv verkstaden «Gamla Juteriet» i Landskrona og utvida verksemda til to fabrikkar under namnet Gjuteribolaget eller Landskrona Gjuteri-Aktiebolag. Økonomien var god og ungane fekk god utdanning.  Mellom anna gjekk nokre familiar frå borgarskapet saman og engasjerte den unge Selma Lagerlöf som guvernante for privatundervisning i Landskrona ein periode. Seinare vart ho ein kjend forfattar, og barnebarn av Harald Rosengren har fortalt at ho ein gong kom på besøk i Odda.

 

Harald Rosengren fekk sin første jobberfaring i Alby som formann frå september 1899 og ut året 1900. Albert Petersson hadde allereie i 1898 vorte «headhunta» til oppbygging av karbidfabrikken i Alby. Albert hadde gjort unna doktorgraden sin i Zürich og han hadde i fleire år vore med og utvikla ovnsteknologien ved dei første karbidfabrikkane i dei franske Alpene. 

 

Rosengren studerte seinare til sivilingeniør ved Technikum Mittweida nær Dresden i Tyskland, truleg frå hausten 1902 og ut året 1903.  På vitnemålet hans «Prüfungszeugnisses für Ingenieure» datert 28. desember 1903, kan vi lesa at han får karakteren «sehr gut» og 1 i faga Mechanishe Wärmetheorie, kjemi, geometri og teknisk mekanikk.

 

 

Teknisk direktør og fagorganisasjonane sin motpart

Med bakgrunn frå ingeniørstudier i Tyskland og ovnsarbeid og teknisk erfaring frå Landskrona og Alby, var Rosengren svært sentral i oppbygging og drift ved Oddafabrikkane. Han underteikna ein femårskontrakt med Alby United Carbide Factories ved Mr. Barton frå 1907, og denne viser at han fekk 6000 kroner året i lønn og fritt hus i starten, men skulle få årlege tillegg til 9600 kroner og fritt hus femte året. Tittelen eller arbeidsområdet hans er «Engineer and Factory Manager at the Company`s Works at Odda» og det er eit stort ansvar som blir lagt på han: Punkt 5 i avtalen seier at han skal egna all tid, merksemd og evne, konstant og utelukkande til drifta av Selskapet og oppfylla plikter og oppgåver som til eikvar til blir lagt på han av direksjonen i selskapet eller autoriserte representantar i Norge, og han skal lyda ordrar som til eikvar tid kjem frå styret av selskapet. Han skal på alle vis innretta seg og tilpassa seg dei retningslinjer og avgrensingar sette av styret eller han, og yta sitt ytterste for å fremja selskapet sine interesser.

 

 

Kontrakt mellom Alby og Rosengren Kontrakten mellom Alby/Oddafabrikkane og Harald Rosengren som vart underteikna av mr. Barton i 1907. Klikk på biletet om du vil sjå heile kontrakten. 

 

 

Albert Petersson var kjend og blir hugsa som spesielt omsorgsfull og hjelpsam overfor arbeidarane ved fabrikken dei første åra. Harald Rosengren derimot var den som i det daglege måtte administrera og møta konfliktene med fagforeiningane. Han skulle gjerne etterkoma både dei engelske eigarane og den travle direktøren sine krav og føra forhandlingane med arbeidarane. Vi finn litt omtale av han både i avisene og jubileumsbøkene til fagforeiningane. I Hardanger Socialdemokrat frå 1922, det verste kriseåret i Odda sin historie, kan vi lesa ein leiarartikkel om fagorganisasjonen i Odda:

 

«Arbeiderne klarte gjennem sin organisasjon å holde lønningerne nogenlunde på høide med, hvad der efter forholdene tjentes andre steder, og likedan med arbeidsforholdene, der er mange forbedringer fremtvinget, mange fordele på selve arbeidspladsen er vundet ved organisasjonens magt. Vor gode gamle Rosengren vet nok å melde om det. Han har mange gange måttet gi kjøp. Han kunde, som de fleste vet, ofte være kroket og vidløftig, når det gjaldt indrømmelser, men når arbeiderne brukte sin samlede magt, organisasjonen, så måtte han mange gange bøie av.

Vi husker ideen om to mand på ovnen. Det var en alvorlig dyst, men arbeiderne seiret med glans.

Når vi nevner Rosengren så skal vi ikke være urimelige. Han kunde ofte være bra å snakke med, rent koselig, men han måtte gjennem organisasjonen våke over, at han holdt hvad han hadde lovet. Hr. Rosengren var ofte glemsom i så måte. Det er nu ikke netop for at ta fat på hr. Rosengren at dette skrives, men saken er egentlig den, at når han skriver eller snakker om fagorganisasjonen i Odda, kan man nesten ikke undgå at træffe hr. Rosengren. Var det i de år som er gåt siden fabrikkerne i Odda begyndte, en floke der skulde løses, så hadde man straks Rosengren, ikke netop altid besjælet av den tanke at løse floken, men han var med.»

 

 

Den utforskande ingeniøren

I arkivet etter Rosengren finn vi òg eit patentbevis frå Styret for det industrielle rettsvern datert 6. mars 1922. Patent nr 34323 er gitt «ingeniører H. Rosengren og G. Bull av Odda» for patent på «Anordning til automatisk styring av fartøier ved hjelp av kompasset».  Ut frå korrespondansen kan vi sjå at Bryns Patentkontor alt tidleg i 1918 hadde oppfordra Rosengren til å medverka til utvikling av automatisk styring av skip «efter en hvilkensomhelst kurs ved hjelp av elektricitet». Om dei nytta patentet er ikkje utforska. Rosengren har truleg kunna arbeida med dette arbeidsfeltet sidan drifta ved Oddafabrikkane gjekk dårleg fram mot 1920 og konkursen var eit faktum i 1921. Både Bruce og Rosengren blei buande i Odda i desse kriseåra og hadde ansvar med å sjå til at det store fabrikkanlegget blei tatt vare på medan dei arbeidde for å få i gang eit nytt driftsselskap.


 

 

Familiemann i Odda og aktiv odding

Harald Rosengren flytta til Odda i 1906 og gifte seg i Ullensvang kyrkje 28. juli 1908 med svenskfødte Sofie Becker (1879-1957) frå Dalarne. Dei flytta inn i det nybygde huset fremst på spissen på Toppen då huset var nytt i 1911. Seinare budde dei lenge i den store villaen nærast Tjoadalen på ein høgde i Odda.

 

I Folketeljinga frå 1910 er Harald Rosengren registrert som driftsingeniør ved «carbidfabrikken». Han er gift og ekteparet Rosengren bur på Bakke i same hus som ein annan ung familie med engelsk namn.

 

 

Familien Rosengren framfor villaen på Toppen i 1911 Familien Rosengren framfor villaen på "Toppen" i Odda i 1911. Foto: Kraftmuseet arkiv

 

 

Harald og Sofie Rosengren fekk tre barn; Per Joel som alle kalla ”Pelle”, Karl Eivind som berre gjekk under namnet ”Kalle”, og Anna Karin best kjend som ”Lillemor”.  Alle barna var svært aktive i sport, friluftsliv og i speidaren. Pelle begynte svært tidlig å kjøyre bil og han bygde seinare eigen bil på chassiet til faren sin gamle. Pelle blei disponent for eit busselskap i Stavanger.

 

Pelle, Kalle og Lillemor Rosengren Syskjena Pelle (Per Joel), Kalle (Karl Eivind) og Lillemor (Anna-Karin) Rosengren hos fotografen kring 1920. Foto: Kraftmuseet arkiv

 

 

Rosengren var ein ivrig bileigar og sjåfør, men òg ein friluftsmann. Sonen Per var sekretær i Odda Skilag og Harald blei sentral ved bygginga av skilaget si hytte i Smørtjønnsmoen, ei hytte der mange av funksjonærane og arbeidsfolka ved Smelteverket møttest. Då hytta skulle planleggast var Harald rådgjevande ingeniør og han blei ei drivande kraft i arbeidet med reising og finansiering. Dei store industribedriftene gav økonomisk støtte, og utallige frivillige stilte opp på dugnadar for transport og bygging. Hytta blei innvigd 10. november 1929 og som takk for innsatsen blei Harald og Sofie Rosengren utnemnde som æresmedlemmer. Privat disponerte familien Rosengren ei hytte som bedriften hadde på vestsida av Løyningsvatnet.

 

Harald Rosengren ved hytta på Løyning Harald og Sofie Rosengren med Aagot Sewell på Løyning i 1920. Foto: Kraftmuseet arkiv

 

På alle foto framstår Harald Rosengren som ein livsglad person. Han er fotografert på skitur på høgfjellet og ved hytta på Løyning, i muntert lag med Hardanger Tekniske Forening, i Skihytta og som deltakar i NAF-billøp på Almerket. Han er òg fotografert som lukkeleg familiemann utanfor dei to husa dei budde i på Toppen, eller på fest i hagen til Gro og Olav Holm og i Brucehagen saman med eigne og Petersson sine barn.

 

Etter at Petersson-barna Klaus og Ingrid var blitt foreldrelause i 1914 og flytta til familien i Sverige, vart Harald Rosengren ein naturleg verge for dei. Han besøkte dei i Landskrona i Sverige og han representerte dei overfor bustyraren fram til dei var vaksne.

 

Petersson og Rosengren sine born med to andre Klaus Petersson, Sigi (ukjend), Pelle Rosengren, Christian (ukjend), Ingrid Leonie Petersson og Kalle Rosengren ca. 1913. Foto: Albert Petersson privat - Kraftmuseet arkiv

 

 

Kva tenkte Harald Rosengren om Albert Petersson si forsvinning?

 

Barnebarn til Harald Rosengren, Per Rosengren, har sendt dette notatet til Kraftmuseet:

I en periode var jeg meget interessert i familiehistorien. Jeg satt sammen med min far og min tante Anna Karin. De fortalte om tiden i Odda  bl. annet om vennskapet med barna til Albert.

Min far var meget nøktern, mens min tante var mer dramatisk. De fortalte at Albert var blitt bedt om å møte i England  av ukjent grunn. Det ble meg fortalt at han hadde videreutviklet en eller annen ovn eller teknikk. Han tok båt fra Odda til Bergen for så å skulle ta båt videre til England. Da båten ankom Bergen var ikke Albert ombord. All bagasjen ble funnet på lugaren unntatt dokumentmappen. Han hadde tydeligvis enten hoppet eller blitt kastet over bord. Noen av konkurrentene kunne ha stor interesse av det som var i dokumentmappen.  

Jeg ble fortalt at Albert ofte kunne ha et varierende humør.  Etter at konen døde var han ofte deprimert. Men de anså det som meget vanskelig å forstå at han ville etterlate seg to små foreldreløse barn. Hvis han hoppet overbord, hadde han vel heller ikke tatt med seg dokumentmappen. Hvis han var død ville han vel ikke bry seg om hvem som hadde fått tak i papirene som lå i mappen.

De opplysningene jeg har kommet med her er basert på samtaler med min far og tante. Jeg kan ikke si i dag om historien ble uttalt klart eller om det bare var hentydninger, men jeg ble sittende igjen med inntrykk av at det ikke var Albert som ville det som skjedde.

 

Harald Rosengren døydde den 17. mai 1939 i ein alder av 61 år.  Han blei kremert i Bergen, men først var det ein seremoni i heimen i Odda. På fotografiet under, kan vi sjå at kista blei køyrt med hest og vogn gjennom gatene i Odda. Smelteverksfolk i kjeledress er komne ut frå fabrikken og står oppstilte langs kontorbygga ved Smelteverksporten. Truleg kom det ei staseleg likvogn og ein hest frå Bergen.  Familiegrava er i Stavanger.

 

 

Harald Rosengren sin begravelse i 1939 Begravelsesfylgjet med kista til Harald Rosengren ned Røldasvegen forbi Odda Smelteverk og arbeidarar i 1939. Foto: Kraftmuseet arkiv

 

 

Kjelder:

Andersen, Asbjørn: Kappestrid – en idrettssaga. Odda-idretten 1907-1957. Nord4 og Odda Smelteverk 1991

Attestar m.v. Originalt arkivmateriale ved Kraftmuseet, mottatt frå Per d.y. og Ragnhild Rosengren, Stavanger.

Folketellinga 1910. Gardsnr 32, brn. 48 Bakke.

Gunleiv Hadland sitt kompendium om Industrifolk og arkitektar med tilknyting til Odda og Tyssedal.

Rosengren, Per d.y.: Kort notat om Harald Rosengren og Albert Petersson. 2019.

Tekst frå Kraftmuseet si utstilling «Svensk innvandring til Odda», 2005: Om familien Rosengren.

Trædal, Lasse: Odda – arbeidsfolk fortel. Odda kommune 1988.

 

 

 

 

Venn tipset!

Din venn har blitt sendt en e-post om denne artikkelen.

Kraftmuseet

Norsk vasskraft- og industristadmuseum


Naustbakken 7, 5770 Tyssedal
Telefon: 53 65 00 50
post@kraftmuseet.no