Frans W. Bruce (1875 – 1956) var knytt til Smelteverket i 47 år og var direktør i vel 38 år. Han blir derfor framleis hugsa av mange som sjølve smelteverksdirektøren i Odda. Bruce var ein godt lika direktør ved Oddas eldste storbedrift og han sette sitt preg på Oddaindustrien og Oddasamfunnet. Huset der familien budde vart heitande Brucevillaen og hagen Brucehagen.
Frans Wilhelm Bruce. Foto: Kraftmuseet arkiv
I 2013 ga etterkomarar etter Frans W. Bruce eit portrett av han til Kraftmuseet. Maleriet er signert Lars Osa 1939. Bruce var 64 år og Osa 79 år i 1939. Kunstnaren Lars Osa (1860 – 1958) har måla mange ”råkande, gode portrett” skriv Oddmuns Hus i boka Hardanger i kunsten.
Barnebarnet til Bruce, Trine Lise Heilmann som overleverte maleriet på vegne av familien, er sjølv svært engasjert i museums- og industrihistorisk arbeid i Østfold. Ho har mange gode minne frå besøk i Odda i barndomen og seinare i Rausbu i Espelandsmarka. Ho fortel at det er med stor glede ho og familien gjev maleriet til Kraftmuseet som er svært takksame for å ha fått det. Museet har også fått låna fotoalbumane etter Brucefamlien. Over hundre foto er valt ut til Kraftmuseet sine samlingar og bileta er lagt ut på www.digitaltmuseum.no
Bruce og Petersson
Bruce kom frå Alby karbidfabrikk i Sverige til Odda i 1906 og fekk frå starten ansvaret som overingeniør og byggeleiar ved fabrikkanlegget. Få andre ingeniørar hadde derfor oversikt og kunnskap om Oddafabrikkane som Bruce. Han vart den naturlege direktør for karbidfabrikken etter at direktør Albert Petersson vart borte på veg til Bergen i 1914 og han og familien overtok villaen som tidlegare vart kalla Petersons villa. Bruce vart seinare administrerande direktør for Odda Smelteverk AS. Han gjekk av i 1953 etter 47 års teneste. Han var då 78 år gammal.
Frans og Lizzi
Frans W. Bruce gifta seg i 1911 med Lizzie (Elisabeth Alette) Bredahl Bergersen (1888 -1958) frå Bergen. Dei fekk døtrene Karin Maria, Gudrun Elisabeth og Ellen Kristine.
Lizzi Bruce med to av døtrene i 1915. Foto: Kraftmuseet arkiv
Då han slutta ved Odda Smelteverk i 1953, 78 år gammal, flytta Frans og Lizzi til Moss der yngste dottera Ellen Kristine var gift med Carl Alfred Heilmann, eigar av Moss Bryggeri. Frans og Lizzi kjøpte ein staseleg bustadeigedom i Moss med utsikt over Oslofjorden og busette seg der, men Frans døydde få år etter.
Frans W. Bruce med døtrene Ellen Kristine, Gudrun Elisabeth og Karin Maria i Brucehagen i 1922. Foto: Kraftmuseet arkiv
Bruce hadde ein personlegdom som stort sett var godt lika i Oddasamfunnet. I 50-årshistorikken om Odda Smelteverk AS skriv direktør Anders Rokne i 1974 at ”Bruce kunne utad, overfor dem som ikke kjente ham, stundom virke litt bøs og streng, men bak dette barske ytre banket et varmt hjerte og en sterk ansvarsfølelse overfor alle han var sjef for. Som sjef krevet han meget både av seg selv og av andre, og en glemte ikke lett den ros eller ris han ikke sparte på når det var fortjent.”
Tekst ved Brita Jordal, Kraftmuseet 2013.