Kraftmuseet

Velg språk

  • no_NO
  • en_GB
  • de_DE

Søk

Du er her:

Dr. Albert Petersson (1870 - 1914)

Dr. philos Albert Petersson var født i Landskrona i Sverige 6. februar 1870. Han tok diplomeksamen som ingeniør ved Eidgenössische Technische Hochschule, Zürich og doktorgrad i kjemi 25 år gamal.

Karbid var fyrste gong framstilt i 1892 og Albert Petersson var sentral i oppbygginga av forsøksfabrikkar i Frankrike frå 1895. Han utvikla deretter Alby Carbidfabrik AB i Sverige til den leiande i verda.

Petersson var direktør for karbid- og cyanamidfabrikkane, seinere Odda Smelteverk, frå byggestart i 1906. Britiske investorar hadde gjeve Petersson oppdraget med å finna ein eigna stad å byggja det som skulle bli verdas største karbidfabrikk. Han valde Odda på grunn av dei store vasskraft-ressursane i Tyssedal.

 

Fagpersonen Petersson var avgjerande for at Odda og Tyssedal blei ein av dei tidlege, store og moderne industristadane i Norge. Albert Petersson gifta seg med Leonie Witt (1888 - 1910) frå Charlottenburg ved Berlin i 1906. Dei flytta inn i den særprega direktørvillaen «Blåsenborg» - seinere «Brucevillaen» som var tidsriktig bygd i nasjonal dragestil. Albert og Leonie fekk borna Klaus (1907) og Ingrid (1910).

 

Albert Petersson var ein uvanleg begåva og intelligent person med omfattande kjennskap og interesse for alt nytt innan vitskap og teknikk. Han var svært interessert i litteratur og hadde Selma Lagerlöf som guvernante under oppveksten. Som menneske var han tilbakehalden og godt likt av alle. Han interesserte seg levande for sine arbeidarar og ynskte at dei skulle leva under dei best moglege vilkår.

 

Albert Petersson mista si kjære hustru Leonie i samband med fødselen av dottera Ingrid i 1910. Han sørga tungt over tapet og trakk seg i stor grad attende frå det sosiale liv. Han konsentrerte seg desto meir om forsking og vidareutvikling av industrianlegga og kunstgjødselproduksjon.

 

Usikkerheita kring utbrotet av 1. verdskrig 28. juli 1914 forsterka ei likviditetskrise som gjorde at karbidfabrikken i Odda mangla pengar til løner og elektrisk kraft. Det kvilte eit tungt ansvar på Petersson. Den 18. august 1914 gjekk Albert Petersson om bord i båten ”D/S Ullensvang” på veg til Bergen og vidare til London der han skulle møta Oddafabrikkane sine engelske investorar. Då båten ankom Bergen var Albert Petersson ikkje lenger om bord. Politirapporten omtalar det som eit drukningstilfelle utan vitner.

 

Det høyrer med til historia at Oddafabrikkane kom over krisa og tente pengar på verdskrigen.

 

Sorga var stor blant befolkninga i Odda og industrikretsane. Vener og medarbeidarar reiste minnesmerket over Albert Petersson på 2-årsdagen for hans død. Sam Eyde heldt avdukingstalen og sa: ”Denne bauta er også reist for at det norske folk skal få full klarhet over at det var han som skapte dette verk, og den skal stå som et vern slik at ikke andre tillegges æren for hva han har utført”. Minnesmerket er ein 3 meter høg bautastein i raud granitt hogd ut av steinhoggar Johan From. Ugla i bronse er av kunstnar Jo Visdal. Bautaen fekk sin plass her like i nærleiken av Petersson sin heim, med fritt og vidt syn over fabrikken og industribyen. Odda Tidende 23. august 1916 skriv: «Vi vil til slutt uttale håpet om at dr. Peterssons ånd fremover må komme til at gjøre sig mer gjældende. Det vil utvilsomt bli det vakreste mindesmerke over den store avdøde skaper av det industrielle liv i Odda»

 

 

Albert Petersson

Albert Petersson var teknisk leiar på ein av dei første karbidfabrikkane i Europa, i Savoie i dei franske alpane.      

Foto: Kraftmuseet arkiv

 

 

 

Albert Petersson Albert Petersson i midten av øvste rekke. Han var aktiv i ein roklubb i Zürich i Sveits medan han studerte der.

Foto: Kraftmuseet arkiv

 

 

 

Albert Petersson

Leonie Petersson på tomta for Cyanamidfabrikken i Odda i 1906-07. Foto Kraftmuseet arkiv

 

 

 

 

 

 

 

Albert Petersson med hundene sine i Sverige

Albert Petersson med hundene sine i Sverige

  • thumbnail
  • thumbnail
  • thumbnail
  • thumbnail
  • thumbnail
  • thumbnail
  • thumbnail
  • thumbnail
  • thumbnail
  • thumbnail
  • thumbnail
  • thumbnail

Venn tipset!

Din venn har blitt sendt en e-post om denne artikkelen.

Kraftmuseet

Norsk vasskraft- og industristadmuseum


Naustbakken 7, 5770 Tyssedal
Telefon: 53 65 00 50
post@kraftmuseet.no