Kraftmuseet

Velg språk

  • no_NO
  • en_GB
  • de_DE

Søk

Du er her:

Den ukjende industrifotografen.

Nathalie Lubowidsky  (Nathalie Giulianova Lubowidzki) - 1875-1956 - også kalla Jubowniskaya.

Kunstmålar, fotograf og sekretær for Zinkompaniet på Eitrheim i åra 1926-1930.

Nathalie kom som flyktning til Odda i 1923,  og fekk først arbeid som hushjelp hos banksjef Jakobsen i Odda Kreditbank. Ho snakka flytande fransk, tysk og engelsk, noko som gjorde at ho i januar 1925 blei tilsett som sekretær for den franske ingeniøren Creplet på zinkfabrikken i Odda. Han var byggeleiar for prøvedrifta der. Frå 1926 var ho sekretær for overingeniør Diderich H. Lund.

 

Nathalie Lubowidsky saman med funksjonærar på Zinken.

Nathalie Lubowidsky saman med funksjonærar på Zinken. Foto: Kraftmuseet arkiv

 

Før ho kom til Odda, var Nathalie selskapsdame for ei russisk adelskvinne – baronesse Olga Juliof (Juresa) – og budde saman med ho i ein staseleg villa i Boris Gleb, på russisk side av Pasvikelva. Huset vart flytta til Berlevåg på den norske sida i 1911. Villaen vart kalla Russevillaen, og dei to damene snakka berre fransk seg imellom. Då fyrste verdskrig braut ut, flytta dei til Frankrike, der dei melde seg til Røde-Kors-teneste. Baronessa gifta seg med ein fransk oberst der, og Lubowidsky vart send til Berlevåg for å selja villaen. Det var etter dette salet at ho reiste til Odda, der ho vart verande i sju år.

 

Sjå film om Russevillaen frå Berlevåg Havnemuseum ved å klikka på biletet:

Russevillaen Russevillaen. Foto: Berlevåg Havnemuseum

 

Nathalie var fødd i Ukraine, men avstamma frå Polsk-russisk adel, mor var berømt pianist. Det heitte seg at faren var general i tsaren sin hær, noko som var orsaka til at ho flykta frå Russland til Norge. Nathalie var ein habil kunstmålar, byrja å måle då ho var 16 år. Ho gjekk i lære hos den polske kunstmålaren Stabrowsky, som seinare blei direktør for kunstakademiet i Warszawa. Etter det måla ho hos den verdsberømte kunstnaren Ilya Repin (1844-1930), leiande russisk målar og bilethoggar.

Notis i avisa Hardanger 29. juli 1925 (Faksimile NB.no)

 

Etter ei Kunstutstilling i Odda fekk ho seld nokre av måleria sine. Fortenesta gav ho vekk til veldedige formål i Odda.

 

Lubowidsky flytta til Austerrike etter at ho vart sagt opp ved Zinken i 1930. Det var krisetider, og mange måtte gå. Då Hitler tok makta i Europa, reiste Lubowidsky til Afrika saman med baronessa frå Boris Gleb, der ho levde i fattigdom til ho døydde 81 år gamal.

 

På 1950-talet kom det ein førespurnad til kassakontoret på Zinken, via Sigurd Aanensen om ei innsamling til Lubowidsky. Antakeleg har denne oppmodinga kome frå Einar Dehli som var gift med ein annan russisk flyktning, Irma. Irma hadde mykje kontakt med Lubowidsky medan dei begge budde i Odda, og dei fortsette å skriva brev med kvarandre. Zinken klarte å samla inn om lag 200 kroner.

 

Lubowidsky døydde i Tanga i Tanganijka (Kenya) 6. september 1956.

 

Anne Gravdal

Kraftmuseet

 

Kjelder: NorZink ved Olav Davidhaug, Tidsskriftet Hardanger 2010 og Hardanger Folkeblad ved Svein Knutsen, Berlevåg Havnemuseum.

 

Venn tipset!

Din venn har blitt sendt en e-post om denne artikkelen.

Kraftmuseet

Norsk vasskraft- og industristadmuseum


Naustbakken 7, 5770 Tyssedal
Telefon: 53 65 00 50
post@kraftmuseet.no